Du er her:

Fron kulturskole

Fron kulturskole er eit interkommunalt selskap, etablert i 2005 der Nord-Fron kommune og Sør-Fron kommune står bak. Kulturskolen har eit svært breidt tilbud, og gir undervisning innan hovedretningane musikk, dans, drama, kunst. Kulturskolen sel tenester til frivillige lag og organisasjonar.

Undervisningstilbud

 

Teater (fra 2.kl)

Klassisk ballett/scenisk dans

Visuell kunst

Kor (3.-7.kl.)

Vokalgruppe (fra 8.kl)

Band

Sang

Gitar

Trommer

Bass

Fløyte

Trombone/trompet

Piano

Fiolin/Bratsj/Cello (klassisk)

Fele (folkemusikk)

Ved spørsmål, ta kontakt med kulturskolerektor Jorun Moshagen. E-post: jorun.moshagen@nord-fron.kommune.no tlf: 61216100/61216218

Prisar

Semesteravgift blir justert med verknad frå 01.01 kvart år. Fron kulturskole har søskenmoderasjon, 30% på det dyraste tilbudet. Kulturskolen har nokre instrument til utlån, slik at du ikkje treng å investere sjølv det første skoleåret.

Type teneste Pris Kommentar Pris pr halvår
Enkeltundervisning kr 3.507,- pr. år kr 1.754
Gruppeundervisning kr 2.532,- pr. år kr 1.266
Instrumentleige kr 467,- pr. år kr 234
Sal av timar til frivillige musikkorganisasjonar kr 19.475 pr. årstime
Sal av timar til frivillige organisasjonar for vaksne kr 27.985 pr. årstime
Søskenmoderasjon: 30% på det dyraste tilbodet.

 

Organisering

Undervisninga i Fron kulturskole er organisert anten i grupper, mindre grupper eller individuell opplæring. Faget sin eigenart, elevsamansetnad og eleven sin føresetnad dannar grunnlag for inndeling. Gjennom året synest vi det er viktig å ha variasjon i arbeidsformer og organisering, og elevane får delta i prosjekt av ulik karakter og omfang. Konsertar/framføringar/visningar blir vurdert både som innhald og som ei forlenging av eleven sin arbeidsprosess. Å spele, danse, synge for andre blir stasjonar undervegs i ein utviklingsprosess. Alle elevar skal i løpet av et skoleår ha fleire framføringsmoglegheiter. Det er viktig med ein bevisst progresjon; frå mindre, interne framføringar til større opptredenar i meir offentlig ramme. Det å lære å spele eit instrument, danse eller måle er ein lang prosess. Den krev innsats og opplæring over tid. Fagleg jobbing, rett progresjon, kommunikasjon mellom lærar, elev og foreldre, samt sosial tilhørigheit er svært sentrale element. 

Undervisningslokaler

Opplæringa er samlokalisert i kulturskolen sinelokaler på Folkets hus, Vinstra, med unntak av danseundervisninga som er i lokala til danselina på Vinstra vgs. Det at dei ulike disiplinane og alle elevane og lærarane møtes på ein stad, og utøvast vegg i vegg, er av stor betydning både fagleg og sosialt. Dette gir gode moglegheiter for samarbeid på tvers av fag og skapar tilhørigheit til kulturskolen som institusjon. Samtidig utviklast elevane sin kulturoppfatning, då dei ser, høyrer og møter andre fag enn sitt eige.

 

Planar og forskrifter

 

Læreplan for grunnskole og videregående skole

Den generelle delen betonar det skapande menneske, og beskriv det kulturelle og kunstneriske fundament som kulturskolen skal bygge på. I tråd med dette er kulturskolen etablert med tilbud om opplæring innan ei rekke kunst- og kulturuttrykk. Som del av kommunen sitt opplæringstilbud blir kulturskolen bygd på det same læringssyn og verdigrunnlag som skoleverket for øvrig.

 

Opplæringsloven § 13 – 6:

«Alle kommunar skal aleine eller i samarbeid med andre kommunar ha eit musikk- og kulturskoletilbid til barn og unge, organisert i tilknytning til skoleverket og kulturlivet elles.»

 

Ny rammeplan for kulturskolen «Mangfold og fordypning»

(vedtatt i Norsk Kulturskoleråd i 2016).

Lovparagrafen i Opplæringsloven har ingen forskriftsheimel. Det har avdekka eit behov for å utarbeide ein nasjonal tilråding for kulturskoletilbud i framtida; «Rammeplan for kulturskolen». Fron kulturskole brukar rammeplanen som eit sentralt styringsverktøy. Den bidreg til veiledande nasjonale standardar når det gjeld den faglege kvaliteten på tilbudet. Planen trekkjer opp felles retningslinjer for å sikre god kvalitet, samtidig som den legger opp til fleksibilitet i innhald, slik at det blir mogleg for den enkelte skole å velge kunstfaglege profilar og legge opp til ei undervisning som ivaretek ulike elevføresetnader.     

Fann du det du leita etter?

Nord-Fron kommune Nedregate 50 2640 Vinstra | post@nord-fron.kommune.no | Tlf 61 21 61 00 | Faks 61 21 61 01
 

Åpningstider: Kommunehuset - alle kvardagar kl.08:00-15:30 | Sentralbord/servicetorg - alle kvardagar kl.09:00-14:30 
                                           

Organisasjonsnummer: 83 98 93 132

Webredaktør: Anita W Heggestuen |Følg oss på Twitter | Følg oss på Facebook

Nord-Fron kommune | Midt i Peer Gynts rike