Du er her:

Idrett og friluftsliv

Idrett og friluftsliv

Kommunen arbeider for  å leggje forholda slik til rette at alle innbyggjarane får rimeleg høve til å drive med fysisk aktivitet eller idrett utifrå eigne føresetnader, interesser og behov. Det skal leggjast særleg vekt på tiltak som styrker folkehelsa for folk flest. Vidare leggjast det særleg vekt på tiltak som er motiverande for barn, ungdom og eldre.

Anlegg for fysisk aktivitet/friluftsliv og idrettsanlegg er sidestilt når det gjeld kommunale tilskott.

Du kan lese meir i Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet. (PDF, 3 MB)

 

Lågterskelaktivitetar

Det er særleg viktig å leggje forholda til rette slik at langt fleire er fysisk aktive. Hovudinnsatsen bør derfor rettast inn på tiltak som kan få dei minst fysisk aktive til å bli meir fysisk aktive i dei daglege gjeremåla. Meir gangtrafikk, bruk av sykkel og/eller spark vil vera gode tiltak. Det blir derfor lagt til rette med gode stiar og gang- og sykkelvegar mellom bustadområde, arbeidsplassar, ulike servicefunksjonar og i tur-/friluftsområde. Det krev også at gang- og sykkelvegane blir godt vedlikehaldne sommar og vinter.

nettsida til Frisklivssentralen finn du lokal informasjon og aktuelle linkar.

Kart og tekst om stier og råk

 Pilegrimsleia

Pilegrimsleia går frå Oslo til Trondheim og Nidarosdomen. Leia går gjennom Fron. Det er laga eit skriv om dei plassane ein kjem til når ein går langs leia.

Jakt og fiske

Det er rike moglegheiter for jakt og fiske i kommunen. Her finn du informasjon om fiske og fiskekort.

Fann du det du leita etter?
Kulturleiar
 
61 21 62 06
 
901 10 350
 
Send epost

Nord-Fron kommune Nedregate 50 2640 Vinstra | post@nord-fron.kommune.no | Tlf 61 21 61 00 | Faks 61 21 61 01
 

Åpningstider: Kommunehuset - alle kvardagar kl.08:00-15:30 | Sentralbord/servicetorg - alle kvardagar kl.09:00-14:30 
                                           

Organisasjonsnummer: 83 98 93 132

Webredaktør: Anita W Heggestuen |Følg oss på Twitter | Følg oss på Facebook

Nord-Fron kommune | Midt i Peer Gynts rike