Du er her:

Tilskottsordningar

Tilskottsordning frå Nord-Fron kommune

Nord-Fron kommune har følgjande tilskotsordningar med søknadsfrist 15. mars 2018:

  • tilskott av kulturpengane (driftstilskott)
  • tilskott til nærmiljøanlegg
  • tilskott til kulturbygg

Midlane som var avsett til bygging og vedlikehald av idrettsanlegg i 2018 er allereie disponert av Utval for helse-, oppvekst- og kultursaker i sak 76/17; Rullering av utbyggingsprogram for idretts- og miljøanlegg 2018 - 2021.
 

 

 

Tilskott til større arrangement frå Nord-Fron kommune

Nord-Fron kommune ønskjer å støtte større kultur- og idrettsarrangement . Kommunal støtte til slike arrangement skal stimulere regionale arrangørar til å satse på arrangement av nasjonal betydning. Arrangement skaper engasjement og positive ringverknader, og er med på gjera innbyggjarane stolte av kommunen. I tillegg kan store arrangement vera med på å gjera kommunen attraktiv for tilflytting og etablering av næring.

For 2018 er søknadsfristen 15. februar. Her finn du retningsliner for støtte til større arrangement (PDF, 105 kB).

 

 

Tilskott frå Nord-Fron ungdomsråd

Ungdomsrådet kan etter søknad gje økonomisk støtte til aktivitetar for barn og unge.

 

Tilskott frå Kulturdepartementet

Kulturdepartementet deler kvart år ut tilskott av spelemidlane til bygging av anlegg for idrett og friluftsliv og til lokale / regionale kulturbygg.

Idrettslag, andelslag, velforeiningar og andre samanslutningar som ikkje har næring til formål, kan søkja om tilskott.

Det kan søkjast innan fire tilskottskategoriar:

  • Ordinære anlegg for idrett og friluftsliv ( medrekna rehabilitering og helsesportanlegg)
  • Nærmiljøanlegg
  • Forenkla ordning for nærmiljøanlegg
  • Lokale / regionale kulturbygg

For meir informasjon sjå Kulturdepartementet si nettside.

 

Søknadsskjema

Vi oppmodar alle søkjarar om å nytte elektroniske søknadsskjema som du finn under fana Søknadsskjema. Elles kan ein få informasjon og søknadsskjema (papirskjema) ved å vende seg til informasjonstenesta.

Fann du det du leita etter?
Kulturleiar
 
61 21 62 06
 
901 10 350
 
Send epost

Nord-Fron kommune Nedregate 50 2640 Vinstra | post@nord-fron.kommune.no | Tlf 61 21 61 00 | Faks 61 21 61 01
 

Åpningstider: Kommunehuset - alle kvardagar kl.08:00-15:30 | Sentralbord/servicetorg - alle kvardagar kl.09:00-14:30 
                                           

Organisasjonsnummer: 83 98 93 132

Webredaktør: Anita W Heggestuen |Følg oss på Twitter | Følg oss på Facebook

Nord-Fron kommune | Midt i Peer Gynts rike