Du er her:

MOT

MOT er eit haldningsskapande program for ungdomsskule- og vidaregåandeelevar, som skal skape robust ungdom som inkluderar alle. Klikk for stort bilete

MOT til å bry seg - MOT til å seie nei - MOT til leva

Dette er dei tre grunnverdiane i MOT. Gjennom å bygge trygge ungdom som tek gode val, bygger ein samstundes gode lokalsamfunn.

MOT-besøk
Den viktigaste delen av å vera ein del av MOT-programmet er MOT-besøka. Det er 12 besøk fordelt på tre år i ungdomsskulen, med tema som t.d. valg, respekt, modige førebilete og draumar. Besøka er haldne av skolerte MOT-coachar, og består av leik, øvelser, gruppearbeid, historier og samtale/diskusjon. Besøka er utvikla av MOT sentralt, av eit breitt samansatt team av mellom anna psykologar, helsesøstre, politi, pedagogar og barnevern.

Klikk for stort bileteFrå MOT-besøk i 10 Erik Tøftestuen

Unge MOTivatorar / Unge MOT-leiarar
Å nytte ungdom sjølv som kulturbyggjarar er ein av suksessfaktorane til MOT: Ungdom med gode verdier som gjer det enklare for andre å ta gode val er viktig. Difor skolerer MOT-teamet kvart år Unge MOTivatorar frå 9. trinn. Desse har i oppgåve å vera gode førebilete og å halde MOT sine verdiar i hevd. Dei skal også ut til kommunens 7. klassingar, for å fortelje om kva MOT er og å førebu dei på overgangen frå barneskule til ungdomsskule.

Nord-Fron har dei siste årat skolert to Unge MOT-leiarar. Dette er ei leiarutdanning for ungdom, som føregår saman med annan ungdom i Norge. Skoleringa føregår på MOT-camp utanfor Trondheim i veke 9. Unge MOT-leiarar blir vald ut etter ein søknadsprosess.

 

Skolen som samfunnsbygger
Nord-Fron er med i MOT sitt tilleggsprogramm "Skolen som samfunnsbygger". Programmet har som hovudfokus å hindre at nokon står utanfor samfunnet (utanfor satelittbana), og ønskjer å bygge ein kultur der alle er inkludert. Dette skjer ved å styrke fire områder:

  1. Rektor som samfunnsbygger
  2. Læraren som samfunnsbygger
  3. Ungdom som samfunnsbygger
  4. Spre MOT sin filosofi i lokalsamfunnet
Fann du det du leita etter?

Nord-Fron kommune Nedregate 50 2640 Vinstra | post@nord-fron.kommune.no | Tlf 61 21 61 00 | Faks 61 21 61 01
 

Åpningstider: Kommunehuset - alle kvardagar kl.08:00-15:30 | Sentralbord/servicetorg - alle kvardagar kl.09:00-14:30 
                                           

Organisasjonsnummer: 83 98 93 132

Webredaktør: Anita W Heggestuen |Følg oss på Twitter | Følg oss på Facebook

Nord-Fron kommune | Midt i Peer Gynts rike