Du er her:

Vinstra ungdomsklubb

Vinstra ungdomsklubb er eit tilbod for ungdom i Nord-Fron og Sør-Fron fom. 8. klasse og oppover.Klikk for stort bilete

Plassering og innhald
Vinstra ungdomsklubb ligg i gamle Kåja barnehage i Kåja idrettspark. Ungdomsklubben ligg på eitt plan, og er omlag 300 m2 stort.

Ungdomsklubben inneheld mellom anna eiga datarom, puterom, biljardbord, fussballbord, eigen bar (med slush!) og kjøkken, eit filmrom og ein BlackBox med full band-backline.

Opningstid


Vinstra ungdomsklubb er ope følgjande tider:

Måndag 17.00 - 21.30
Onsdag 17.00 - 21.30
Fredagar i oddetalsveker 18.00 - 22.00


Opningstida følgjer skuleåret - det betyr at vi har stengt på inneklemte fridagar, haustferie, vinterferie, måndag i påskeferie osb.

 

Målgruppe
Klubben er open for ungdom frå Nord-Fron og Sør-Fron, frå og med 8. klasse og oppover. Øvre aldersgrense er 19 år. Det er gratis å besøke Vinstra ungdomsklubb, og det trengs ikkje medlemsskap.

Fokusområder
Vinstra ungdomsklubb er eit ope og gratis ungdomstilbod. Klubben er 100 % rusfri, og har fokus på at alle skal ha det bra - difor er MOT sine verdiar viktige for ungdomsklubben.

Vi har også fokus på trygg ferdsel i trafikk, både på føt, to og fire hjul. Vi har låg terskel for å melde ifrå om "uvettug" køyring, og har eit godt samarbeid med politiet, også når vi har mistanke om råkøyring.

Reglement
Reglement for Vinstra ungdomsklubb finn du her! (PDF, 28 kB)

Leige av ungdomsklubben
Ungdomsklubben er dessverre ikkje tilgjengeleg for ordinær utleige.

Følg oss!
Følg oss på Vinstra ungdomsklubb si Facebook-side, eller add oss på Snapchat: Klikk for stort bilete

Fann du det du leita etter?

Nord-Fron kommune Nedregate 50 2640 Vinstra | post@nord-fron.kommune.no | Tlf 61 21 61 00 | Faks 61 21 61 01
 

Åpningstider: Kommunehuset - alle kvardagar kl.08:00-15:30 | Sentralbord/servicetorg - alle kvardagar kl.09:00-14:30 
                                           

Organisasjonsnummer: 83 98 93 132

Webredaktør: Anita W Heggestuen |Følg oss på Twitter | Følg oss på Facebook

Nord-Fron kommune | Midt i Peer Gynts rike