Du er her:

Vinstra kino

Vinstra kino er ein kommunalt drifta kino, som gjev deg dei minneverdige kinoopplevingane!

 

Vinstra kino 1 - Klikk for stort bilete

Sjå program og bestille billettar?

For å sjå kva filmar som blir vist på Vinstra kino, klikk deg inn på heimesida.

Her kan du også kjøpe billetter. Appen eBillett kan også nyttast - med den får du full oversikt over komande filmar, kjøpte billettar og alt du treng å vite om di neste filmoppleving på Vinstra kino.

 

Billettprisar

Billettprisane for Vinstra kino blir vedteke årleg av Nord-Fron kommunestyre. Under ser du gjeldande prisar:

Billetttype Pris
Vaksenbillett til 2D-film kr 105,-
Vaksenbillett til 3D-film kr 115,-
Vaksenbillett til filmar o/2t 20min, 2D/3D kr 115,-
Barnebillett, uavhengig av format og lengde kr 70,-
Honnørbillett 2D/3D kr 90,-
Ved kjøp av billettar på internett dekkjer kunden billettomkostningane på kr. 5 pr. billett.

 

Film er best på kino!

Aldersgrenser

Vi er opptekne av at aldersgrensene skal bli fulgt av alle våre besøkande. Det er kunden som har ansvaret for å sørge for at dei det kjøpast billett til er gamle nok til å sjå filmen. Besøkande som ikkje kan bevise at dei er gamle nok blir nekta adgang. Billettane blir ikkje refundert.

Her er gjeldande aldersgrenser for kinofilmar:Aldersgrenser for kino fom 010715 1 - Klikk for stort bilete

 

Leige kinoen

Kinosalen på Folkets hus kan leigast ut til fleire formål - sjå prisar under.

Prisar
Leige av salen til arrangement kr. 1720,- pr dag
Leige av salen til kinobruk kr. 785,- pr dag
- kino fleire framsyningar kr. 370 pr film
Leige av scena kr. 405,- pr. kveld
Leige av rom i 3. etg. kr.185,- pr. time

For booking og fleire spørsmål, kontakt driftsansvarleg Ove Åsen: 959 40 720.

Merk at ved leige av salen til kinobruk lyt det også påreknas kostnader knytt til maskinist og bruk av rettigheitsbelagt materiale.  

FAQ (Frequently asked question)
 

Vinstra kino

Korleis bestillar eg HC-billettar til kinoframsyningane til Vinstra kino?

Du bestillar HC-billettar via vinstrakino.no. HC-plassane er fremst i salen, og er merka av på salkartet. Dersom du treng assistanse kan du ta kontakt med kinosjefen:

Vinstra kino
Kontaktperson Adresse Telefon E-post
Kinosjef Per Albin Jørgensen Nord-Fron kommune, Nedregt. 50, 2640 Vinstra 91662044 palb-joe@online.no
Kulturleiar Ingebjørg Teigmoen Bergum Nord-Fron kommune, Nedregt. 50, 2640 Vinstra 61216100 / 90110350 ingebjorg.t.bergum@nord-fron.kommune.no
Avdelingsleiar Erik Tøftestuen Nord-Fron kommune, Nedregt. 50, 2640 Vinstra 61216276/91597393 erik.toftestuen@nord-fron.kommune.no

 

Kva er det som avgjer billettprisane ved Vinstra kino?

Vinstra kino har fleire billettkategoriar:

  • barnebillett
  • vaksenbillet
  • vaksenbillet til film med lengde over 2t 20m
  • vaksenbillett til film i 3D

Billettprisane blir vedteke av Nord-Fron kommunestyre ein gong i året. For oppdaterte betalingssatsar, sjå her!

Er det mogleg å leige kinoen til privat bruk?

Ja, dette er mogleg. Kinoen kan leiast til både private og offentlege aktørar. For leigesatsar, sjå her!

Ved leige av kinosal for framsyning av film gjer vi obs på at det pågår utgifter for leige av kinomaskinist og eventuell visningsrettigheiter for rettigheitsbeskytta materiale.

Kvifor har ikkje alle filmar aldersgrense/sensur?

Sensur blir satt av Medietilsynet. På nokre filmar er ikkje sensuren klar før nærare premieredato. Vi har som oftast billettsal ope på filmar i god tid før premieredato, og opplev difor til tider at sensuren ikkje blir klar før same veke som premiere.

Med ein gong sensuren er offisiell ligg den på vår heimeside - vi oppmodar om å sjekke ut denne før de kjøper billettar til born på filmar kor det kan bli gitt høgare sensur enn antatt.

Kven avgjer kva filmar som blir sendt på Vinstra kino?

Filmprogrammet blir lagt av ei programmeringsgruppe. Filmar blir valgt på fleire kriterier, og det er viktig å få synt både kjende populære filmar og smalare ukjende filmar. Det er også eit poeng å syne sjangerbreidde i kinoprogrammet.

Dersom du har ønskje om film kan du ta kontakt med kinoen via vår chat på Facebook-sida vår.

Kor ofte syner de film på formiddagen?

Filmtilbod og etterspørsel avgjer når vi set opp film på formiddagen. Dei mest ettertrakta titlane blir som regel sett opp på tysdagsføremiddagen. Følg oss på Facebook og sjekk vår heimeside for oppdatert program!

Fann du det du leita etter?

Nord-Fron kommune Nedregate 50 2640 Vinstra | post@nord-fron.kommune.no | Tlf 61 21 61 00 | Faks 61 21 61 01
 

Åpningstider: Kommunehuset - alle kvardagar kl.08:00-15:30 | Sentralbord/servicetorg - alle kvardagar kl.09:00-14:30 
                                           

Organisasjonsnummer: 83 98 93 132

Webredaktør: Anita W Heggestuen |Følg oss på Twitter | Følg oss på Facebook

Nord-Fron kommune | Midt i Peer Gynts rike