Du er her:

Næring

Nord-Fron kommune har eit variert og rikt næringsliv, og det er plass til mange fleire. Kommunen inviterer alle med idear til å ta kontakt.

 
 

Vinstra

Vinstra er eit kommunesenter med stort tilbod innan handel og service.Ved E6 ligg eit stort vegservice-anlegg med energistasjon, restaurant, hotell og busstopp. Kort avkjøring til handelssenter, jernbanestasjon og annan service.

Her finn ein og bank, eigedomsomsetning, forsikring, landbruksmaskiner og annan faghandel m.m. Vinstra vidaregåande skule, idrettshall og idrettsanlegg gir gode tilbod.

Frå Vinstra er det oppkjøring til reiselivsdestinasjonar som Fefor, Gålå og Sødorpfjellet. Her går og vegen til Espedalen.

Gjennom prosjektet "Vinstra 2046" skal kommunesenteret betrast ytterlegare for bustad, næring og kommunale tenester.

Kvam

Kvam er ein tettstad 12 km nord for Vinstra. Her finn vi blant anna vertshus, matbutikk, baker og bilforretning/verkstad. Herfrå går vegen opp til Kvamsfjellet og Rondablikk der vi finn hotell, camping og hytter.

Skåbu

Skåbu er ein annan liten tettstad som landets høgastliggande bygd. Her finn vi tradisjonell trebearbeiding og hyttebygging saman med reiseliv og lokale servicebedrifter.

Fjellet

Fjellområda på begge sider av dalen gjev rike moglegheiter til kommunen sine reiselivsbedrifter frå større hotell til mindre opplevingsnæringar.

 

 

 

Fann du det du leita etter?
Næringssjef
 
917 12 155
 
Send epost

Nord-Fron kommune Nedregate 50 2640 Vinstra | post@nord-fron.kommune.no | Tlf 61 21 61 00 | Faks 61 21 61 01
 

Åpningstider: Kommunehuset - alle kvardagar kl.08:00-15:30 | Sentralbord/servicetorg - alle kvardagar kl.09:00-14:30 
                                           

Organisasjonsnummer: 83 98 93 132

Webredaktør: Anita W Heggestuen |Følg oss på Twitter | Følg oss på Facebook

Nord-Fron kommune | Midt i Peer Gynts rike