Du er her:

Landbruk

Jordbruksareal i kommunen er ca. 47.000 daa, herav ca. 36.000 daa fulldyrka jord. Dominerande produksjonar er sauehald, samt mjølk- og kjøttproduksjon på storfe. Kommunen har store utmarksareal, og utmarksbeite er ein svært viktig ressurs for husdyrhaldet. Det er heile 10.500 daa dyrkingsjord i fjellet. Kommunen er blant dei største kommunane i Oppland når det gjeld aktiv seterdrift. 

Skogbruksareal i kommunen består av ca. 570.00 daa, herav produktiv skog ca. 260.000 daa. Det meste av skogen blir avverka med hogstmaskin, men ein del bratt terreng gjer at skogen i slike område blir teke ut med kabelkran. Ein stor del av den produktive skogen i kommunen er høgareliggjande skog opp mot fjellet. Det er mange og små skogeigedomar, og årleg avverking har dei seinare åra vore i underkant av 30.000 kubikkmeter.

Landbrukskontoret i Nord-Fron forvaltar statleg regelverk, m.a. jordlova, konsesjonslova, forpaktingslova og skoglova. På denne sida vil du få meir informasjon om kommunen si rolle i høve til dette. Du finn og linkar med informasjon om særskilte støtteordningar innafor landbruket.

 

Onsdag 21. juni blei lovendringar i konsesjonslova sanksjonert av Kongen i Statsråd. Endringane i reglane om priskontroll ved erverv av reine skogeigedomar trer i kraft 1. juli i år. Endringane i heving av arealgrensene for konsesjonsplikt, buplikt og odlingsjord, endringer i konsesjonsplikta ved erverv av ubebygde tomter og endring i reglane om driveplikt trer i kraft 1. september.

Stortinget behandla regjeringa sitt forslag om endringar i eigedomslovgivinga i landbruket tysdag 13. juni. Endringane er:

  • arealgrensene for konsesjonsplikt ved erverv av bebygd eigedom, buplikt og odlingsjord blir heva frå 25 til 35 dekar fulldyrka og overflatedyrka jord.
  • Det er ikkje priskontroll ved konsesjonsbehandling av skogseigedomar utan jordbruksareal(reine skogeigedomar).
  • reglane om priskontroll ved erverv av "bebygde" eigedomar med både jord og skog blir endra, slik at det som er avgjerande for om det er priskontroll er om eigedomen har over 35 dekar fulldyrka og overflatedyrka jord.
  • lovteksten i jordlova skal presisere at driveplikta gjeld i heile eigartida. For driveplikt som blir oppfylt ved bortleige blir vilkåret om at eigedomen må leigast bort som tilleggsjord til annan landbrukseigedom oppheva. Vidare vil det kome fram av lovteksten at eigaren har ei plikt til å sende kopi av leigeavtalen til kommunen.

 

 

 

Jordlovsaker

Jordlova har til føremål å leggje tilhøva til rette for at arealressursane kan bli brukt på den måten som er mest gagnleg for samfunnet og dei som har yrket sitt i landbruket. Arealressursane bør disponerast på ein måte som gjev ein tenleg, variert bruksstruktur ut frå samfunnsutviklinga i området, og med hovudvekt på omsynet til busetting, arbeid og driftsmessig gode løysnigar ( jf. §1). I fyrste rekkje er det søknader om frådeling etter §12 og søknader om omdisponering etter §9 som kjem til behandling. Søknad om frådeling eller omdisponering skal leverast på fastsett skjema. Her er link til Jordlova.

 

Konsesjonslovsaker

Konsesjonslova ( lov av 28. november 2003 nr. 98 om konsesjon ved erverv av fast eiendom, sist endra 19.06.2009). Søknad om konsesjon skal leverast på fastsett skjema som ein kan få i kommunen.

 

Forpakting

Forpakting er leige av heile driftseiningar og gjev grunnlag for produksjonstilskot. Det er eit krav om minimum 5 års leigetid jf. §7 i Lov om forpakting. Kontrakt om forpakting skal godkjennast av kommunen. Om ikkje partane sjølve arrangerer skjønn, skal kommunen arrangere tiltredelses/fråtredelsesskjønn. Kommunen kan frita for kravet om skjønn. Ved ordinær jordleige er det ikkje krav til formalitetar.

Her er link til Lov om forpakting.

 

Tilskott til drenering av jordbruksjord

Tilskot til drenering av jordbruksjord avgrensa til systematisk grøfting, profilering og omgraving utgjer 2000 kr per dekar frå juli 2017. Ved anna grøfting kan det gis 30 kroner per laupemeter grøft avgrensa til 2000 kr per dekar.

Tiltaket kan ikkje vere starta opp før tilskotet er godkjent.

Lenke til søknadsskjema for tilskot til drenering:

https://www.landbruksdirektoratet.no/no/miljo-og-okologisk/drenering/hvordan-soke/skjema

Her ligg også skjema for plan og miljødokumentasjon som kan nyttast som vedlegg til søknaden.

Søknaden skal leverast kommunen der arealet som skal drenerast ligg.

 

Skoglovsaker 

Skoglova ( lov av 27. mai 2005 nr. 31 om skogbruk) har til føremål å fremme ei berekraftig forvaltning av skogressursane i landet, med sikte på aktiv lokal og nasjonal verdiskaping, og å sikre det biologiske mangfaldet, omsyn til landskapet, friluftslivet og kulturverdiane i skogen, jfr. § 1. Skoglovsaker som kjem til behandling omfattar m.a. vegbygging, hogst i verneskog og skogfond.

 

Naturmangfoldlova

Naturmangfoldlova ( lov av 19. januar 2009 nr.100 om forvalting av naturens mangfold) har til føremål at naturen med dens biologiske, landskapsmessige og geologiske og økologiske prosessar blir teke vare på ved berekraftg bruk og vern.

Stilling Namn Telefon E-postadresse
Konsulent Linda Myromslien (tysd. og torsd) 61216190 linda.myromslien@nord-fron.kommune.no
Konsulent Ingebjørg Jenssveen ( tysd,onsd,fred) 61216190/61216196 ingebjorg.jenssveen@nord-fron.kommune.no
Avdelingsleiar/skogbrukssjef Geir Johan Groven 61216199 geir.johan.groven@nord-fron.kommune.no
Jordbrukssjef Eldri Siem 61216192 eldri.siem@nord-fron.kommune.no
Landbruksrådgjevar Ole Johan Kolseth (mån, tysd,onsd) 61216198 ole.johan.kolseth@nord-fron.kommune.no
Rådgjevar Nils Skurdal (månd, tysd) 61216195 nils.skurdal@nord-fron.kommune.no
Fann du det du leita etter?

Egil Tofte

Virksomhetsleiar for Areal og næring
 
61 21 61 74
 
917 12 155
 
Send epost

Nord-Fron kommune Nedregate 50 2640 Vinstra | post@nord-fron.kommune.no | Tlf 61 21 61 00 | Faks 61 21 61 01

Åpningstider: Alle kvardagar kl.08:00 - 15:30. Organisasjonsnummer: 83 98 93 132

Webredaktør: Anita W Heggestuen |Følg oss på Twitter | Følg oss på Facebook

Nord-Fron kommune | Midt i Peer Gynts rike