Du er her:

Reiseliv

Reiselivet har lange tradisjonar i kommunen, noko som den dag i dag er ein viktig del av næringslivet. Vinstra er vertskap for fleire store og små arrangement innan kultur og idrett. Peer Gynt-stemnet og Furusjøen Rundt er to eksempel.
Dette er også innfallporten til store fjellområde med fire nasjonalparkar i kort avstand.

Klikk for stort bilete


Turistkontor

Det finnst informasjon på Vinstra vegkro og på Servicetorget på kommunehuset (Nedregt. 50). Nord-Fron kommune er medlem av destinasjonsselskapet www.gudbrandsdalen.no

 

Feriemål

Området gir tilbod i form av hotell, utleigehytter og andre overnattingstilbod. Kommunen har fleire store hytteområde på båe sider av dalføret; Fefor, Skåbu, Kvamsfjellet og Sødorpfjellet.

 

Arrangement

Området har mange små og store arrangement gjennom året. For faste arrangement sjå:

Peer Gynt stemnet: Kulturarrangement med friluftsteater i starten av august: www.peergynt.no

Countryfestivalen: musikkfestival ved St.Hans: www.festivaldrift.no

Rondaståk: Ungdomsfestival på fjellet ved St.Hans: www.rondastak.no

Furusjøen Rundt: Sykkel, ski og løp: http://www.furusjoenrundt.no

Kåja Camp; Ungdomscamp:http://www.ungimidtdalen.no/kajacamp/forside/articleid/771/kaaja-camp-2015
 

Fron Badeland og Kåja idrettspark

Nord-Fron byr også på mange aktivitetstilbod som Fron Badeland og Kåja idrettspark - i tillegg til ski-, sti- og sykkelløyper. Badeanlegget er dalens største og idrettsparken har kunstgras og moderne løpebanar.

På vinterstid har vi sportsarrangement av meir nasjonal-/lokal karakter. 

 

Gudbrandsdal krigsminnesamling og Skåbu Utstillerforening

Av faste utstillingar som må nemnast er Gudbrandsdal krigsminnesamling i Kvam og Skåbu Utstillerforening i Skåbu.

Gudbrandsdal krigsminnesamling har hovudtema perioden 1940-45. Det er også ei lita avdeling som omhandlar Skottetoget i 1612.
Skåbu Utstillerforening har ei kulturhistorisk utstilling og utsal av lokalprodusert kunsthandverk.

Næringsrettleiing
Stilling Namn Telefon Mobiltelefon E-post
Næringssjef Egil Tofte 61216 74 91712155 egil.tofte@nord-fron.kommune.no
Fann du det du leita etter?
Næringssjef
 
917 12 155
 
Send epost

Nord-Fron kommune Nedregate 50 2640 Vinstra | post@nord-fron.kommune.no | Tlf 61 21 61 00 | Faks 61 21 61 01
 

Åpningstider: Kommunehuset - alle kvardagar kl.08:00-15:30 | Sentralbord/servicetorg - alle kvardagar kl.09:00-14:30 
                                           

Organisasjonsnummer: 83 98 93 132

Webredaktør: Anita W Heggestuen |Følg oss på Twitter | Følg oss på Facebook

Nord-Fron kommune | Midt i Peer Gynts rike