Du er her:

Sals-, skjenke- og serveringsløyve

Formål

Kommunen skal sikre at alkoholhaldig drikk blir seld eller skjenka etter Alkohollova sine reglar og etter vedtekne retningsliner.
Kommunen skal og sikre forsvarleg drift av sals- og serveringsstader med omsyn til næring, gjester og samfunnet forøvrig.

Kunnskapsprøve

Løyvehavar og stedfortreder på sals- og skjenkestadane skal ha bestått kunnskapsprøve etter Alkohollova. Dagleg leiar på ein serveringsstad må ha avlagt godkjent etablerarprøve etter Serveringsloven. Kunnskapsprøve og etablerarprøve kan ein få avlagt ved å kontakte Servicetorget på kommunehuset.

 

Politisk behandling og avgjerd

Skjenkeløyve blir tildelt av kommunestyret. Utval for helse-, oppvekst og kultursaker har avgjerdsrett til å gje eller inndra enkeltløyve i perioden.

Løyveperiode

Løyve for sal og skjenking av alkohol skal vere 4 år med opphøyr seinast 30. juni året etter at nytt kommunestyre tiltrer.


Administrativ behandling og avgjerd
 

Administrasjonssjefen har fått delegert fullmakt til å innvilge ambulerande skjenkeløyve, utvida skjenkeløyve for eitt enkelt, bestemt høve, utvida skjenketid for eitt enkelt, bestemt høve og skjenkeløyve for eitt enkelt, bestemt høve.

Administrasjonssjef har fått delegert fullmakt til å innvilge serveringsløyve.


Søknadsskjema


Her er link til relevante søknadsskjema for ulike løyve.

Skjenke-og serv.løyve
Kontaktperson Namn Telefon E-post
konsulent Ingrid Stormyrbakken 61 21 61 20 ingrid.stormyrbakken@nord-fron.kommune.no
Fann du det du leita etter?

Anita Watterud Heggestuen

Kommunalsjef
 
61216122
 
97075454
 
Send epost

Nord-Fron kommune Nedregate 50 2640 Vinstra | post@nord-fron.kommune.no | Tlf 61 21 61 00 | Faks 61 21 61 01
 

Åpningstider: Kommunehuset - alle kvardagar kl.08:00-15:30 | Sentralbord/servicetorg - alle kvardagar kl.09:00-14:30 
                                           

Organisasjonsnummer: 83 98 93 132

Webredaktør: Anita W Heggestuen |Følg oss på Twitter | Følg oss på Facebook

Nord-Fron kommune | Midt i Peer Gynts rike