Du er her:

Fiskeforvaltning

Det er gode høve for innlandsfiske i kommunen. Det er aure og røye som dominerer, men i Gudbrandsdalslågen og nokre vatn får du også harr. I øvre del av Vinstravassdraget får du også sik.

Fiskekort

I alt fem grunneigarlag/fiskeforeiningar, to statsallmenningar (Fron og Vulufjell) og Espedalen bygdeallmenning tilbyr sal av fiskekort. Sjå nettsida Inatur for kjøp av fiskekort.

Fiskeforvaltning

Kommunen sine oppgåver knytt til fiskeforvaltning er:

  • Ivareta fiskeinteressene i all kommunal planlegging. Særleg aktuelt ved tiltak og inngrep i og langs Gudbrandsdalslågen og elva sine sidevassdrag.
  • Sikre og betre gyte- og oppveksttilhøva i regulerte vassdrag. Fiskeinteressene er heilt sentrale ved revisjon av konsesjonsvilkår i Vinstravassdraget.
  • Arbeide for å sikre ålmenta tilgang til fiske og meir samordna og betre utnytting av innlandsfiskeressursane.
  • Introduserte artar, - fjerne og avgrense spreiing. Til dømes karuss på Kvamsfjellet og ørekyte i mange vatn og vassdrag.
  • Gje fråsegn til endringar i opplegg for sal av fiskekort i statsallmenning og bygdeallmenning.


Kontaktperson:

 Liste av : Fiskeforvaltning
Fann du det du leita etter?
Næringssjef
 
917 12 155
 
Send epost

Nord-Fron kommune Nedregate 50 2640 Vinstra | post@nord-fron.kommune.no | Tlf 61 21 61 00 | Faks 61 21 61 01
 

Åpningstider: Kommunehuset - alle kvardagar kl.08:00-15:30 | Sentralbord/servicetorg - alle kvardagar kl.09:00-14:30 
                                           

Organisasjonsnummer: 83 98 93 132

Webredaktør: Anita W Heggestuen |Følg oss på Twitter | Følg oss på Facebook

Nord-Fron kommune | Midt i Peer Gynts rike