Du er her:

Naturvern

I Nord-Fron kommune er ein del område verna etter naturvernlova.

Aust for Gudbrandsdalen

Solbrålia og Stordalsberget naturreservat omfavner ein klassisk insektslokalitet. Stordalsberget ligg på austsida av Gudbrandsdalen i Nord-Fron kommune, ved grensa til Sør-Fron kommune. Dei største naturverdiane finnes i dei opne engpartiane, rasmarkane og bergveggane, samt i hengebjørkliane med forekomst av gamle trær og grov dødved av bjørk. Ein del av dette  er resultatet av tidlegare bruk og er derfor avhengig av fortsatt bruk/skjøtsel. Det store antallet av raudlisteartar, over 80 artar, gjer at Stordalsberget er vurdert som nasjonalt verdifullt og svært viktig. Fleire av artane er vurdert som kritisk trua, og enkelte er kun kjent herifrå i Noreg.

Sentrale delar av Rondane nasjonalpark, som den første i landet vart etablert i 1962 og utvida i 2003.Frydalen landskapsvernområde grensar inn mot nasjonalparken, området vart verna i 2003.Flakkstjønna naturreservat ligg inn mot landskapsvernområdet, og omfattar verdifulle myrkompleks.
Ein eigen forvaltningsplan for verneområda i Rondane, som gjev utfyllande retningsliner om forvaltninga, vart vedteken i 2009.

 

Sula naturreservat

Naturreservatet er eit av dei floristisk mest verdifulle bekkekløftene i Gudbrandsdalen med kanskje den rikaste forekomsten av huldregras i Noreg, i tillegg til fleire av dei andre sjeldne og sårbare planteartane knytt til «huldreelementet» i norsk flora. Langs vassdraget er det ein rik og sjelden lavflora både på berg og tre. Det er stor variasjon av skogtyper med gran. Naturreservatet er av dei minst påvirka større bekkekløftmiljøa i Gudbrandsdalen. Det er ei målsetting å behalde verneverdiane i mest mogeleg urørt tilstand, og eventuelt vidareutvikle dei.

 

Vest for Gudbrandsdalen

Langsua nasjonalpark saman med Hersjømyrin naturreservat og Espedalen landskapsverneområdet ble vedtatt i 2011. Det totale vernede arealet i Langsua-området er på om lag 1000 km2.

Liadalan naturreservat, ikkje langt frå Vinstra tettstad er verna som ein del av barskogplanen, men inneheld også rike lauvskogområde. Murulonin naturreservat i Murudalen vart også verna i barskogplanen, og inneheld i tillegg viktige våtmarksområde.

I kommunen finn ein vakre kulturlandskap knytt opp mot viktige jordbruksområde i Sødorp, Ruste, Kvam, Kvikne og Skåbu. Ei eiga kulturlandskapsanalyse frå 2000, utarbeidd av Feste as , omtaler desse områda.
 

 

 

 

 

 

 


Kontaktperson:

Naturvern
Naturvern
Tittel Namn Telefon E-post
Plan- og miljøkonsulent Anders Nybakken 61 21 61 84 anders.nybakken@nord-fron.kommune.no
Fann du det du leita etter?

Nord-Fron kommune Nedregate 50 2640 Vinstra | post@nord-fron.kommune.no | Tlf 61 21 61 00 | Faks 61 21 61 01
 

Åpningstider: Kommunehuset - alle kvardagar kl.08:00-15:30 | Sentralbord/servicetorg - alle kvardagar kl.09:00-14:30 
                                           

Organisasjonsnummer: 83 98 93 132

Webredaktør: Anita W Heggestuen |Følg oss på Twitter | Følg oss på Facebook

Nord-Fron kommune | Midt i Peer Gynts rike