Du er her:

Vaktmestertenesta i trygde- og omsorgsbustad

Beskriving


Vi ynskjer med dette å komme med ei presisering av kva kommunen sine vaktmeistrar utfører av tenester til Dykk som bur i trygde- og omsorgsbustadene i kommunen. Vaktmeistrane sine primæroppgåver er å vedlikehalde bustadene innvendig og utvendig, samt å halde felles ute areal i orden med m.a. klypping av plen. I tillegg har vaktmeistrane ansvar for å halde fyringsanlegg (vedomn og pipe) samt kvitevarer som komfyr og kjøleskåp i orden, der dette ikkje er montert/eigd av bebuar. Vaktmeistrane har og ansvar for brannalarmanlegget. Vaktmeistrane har ikkje ansvar for, og utfører ikkje tenester som til dømes: henting av post, reparasjon av inventar eigd av bebuar, henge opp bilete, skifting av lyspærer, rydding av bodar, køyring av søppel m.v.  Dersom noko er uklart, kan Dykk ta kontakt Sundheim bo- og treningssenter, tlf. 61 21 64 00.


Fann du det du leita etter?

Nord-Fron kommune Nedregate 50 2640 Vinstra | post@nord-fron.kommune.no | Tlf 61 21 61 00 | Faks 61 21 61 01
 

Åpningstider: Kommunehuset - alle kvardagar kl.08:00-15:30 | Sentralbord/servicetorg - alle kvardagar kl.09:00-14:30 
                                           

Organisasjonsnummer: 83 98 93 132

Webredaktør: Anita W Heggestuen |Følg oss på Twitter | Følg oss på Facebook

Nord-Fron kommune | Midt i Peer Gynts rike