Du er her:

Serviceerklæring/tildelingskriterier for heimesjukepleie

Beskriving

Tildelingskriteriene er vedtatt av kommunestyre i NFK 14.12.15

Ansvarlig: Kommunalsjef


Formålet med tenesta

Heimetenesta ved avdeling Heimesjukepleie skal arbeide for at flest mogleg brukarar skal få bu heime lengst mulig. Brukarar skal oppleve tryggheit og livskvalitet så lenge dei bur heime. Formålet med tenesta er å legge tiltrette så brukar blir mest mulig sjølvhjulpen og i stand til å ivareta eigne behov.

Kven får tenesta

Heimesjukepleia gir pleie og omsorg til dei som har akutt eller kronisk sjukdom/ funksjonssvikt i eige heim. Heimesjukepleie vert tildelt etter ei individuell vurdering der ein tar omsyn til:

  • Søkaren sin situasjon
  • Kva søkaren kan klare sjølv
  • Husstandsmedlemmer
  • Tilgang på anna hjelp
  • Hjelpebehovet vil fortløpande bli vurdert.

Kva omfattar tenesta

Heimesjukepleia er tilgjengeleg 24 timar/døgn alle dagar i veka.

Etter brukar sitt behov kan heimesjukepleia, etter fagleg vurdering, bidra med førebyggande tiltak og pleie og omsorgs oppgåver i alle livets faser. Behovet for hjelp vert kartlagt saman med pasienten.

 

Tenesta omfattar:

  • Nødvendig medisinsk behandling, t.d. medisinhandtering , måling av blodtrykk, blodsukker og liknande etter forordning frå lege.
  • Hjelp til injeksjonar, blodprøver, sårskift o.l. om ikkje brukaren kan komme seg til lege ved eigen hjelp.
  • Tilrettelegging/veiledning og hjelp til personleg hygiene.
  • Legge til rette for at brukar kan utføre/trene på dagleglivets aktivitetar.
  • Ernæring; klargjøre måltider, smøre frukost/kvelds, sette fram mat, varme middag.
  • Tilbod om kartlegging av ernæringsstatus x1 / år og elles etter behov.
  • Omsorg og pleie i livets sluttfase.
  • Tilsyn når besøket har en klar hensikt og er fagleg vurdert av heimesjukepleia.
  • Førebyggande tiltak / veiledning / rehabilitering.
  • Motivering, rettleiing i personleg levesett, dagleg kosthald m.m.
  • Motivering og rettleiing til planlegging av daglege aktiviteter
  • Motivere til sosiale aktivitetar.
  • Påminning og motivering for oppfølging av tiltak frå hverdagsrehabiliteringsteamet.

Forventningar til heimesjukepleiar

Heimesjukepleiar skal:

  • Bære namneskilt og legitimasjon-/ID-kort
  • Være hos brukar til avtalt tid, evt. varsle dersom det blir endringar på meir enn ein time.
  • Ikkje ta i mot gåver frå brukaren; dette gjeld ikkje for gåver av ubetydeleg verdi slik som blomar, konfekteske o.l.
  • Ansvar for å gjere sitt til å bidra til eit godt samarbeid med brukaren / pårørande.

Heimesjukepleiar har:

  • Rapporteringsplikt til overordna ved endringar hos brukar; t.d. endringar i helsetilstand, funksjonsevne o.l.
  • Teieplikt i alle forhold rundt brukaren.
  • Ansvar for å gjere sitt til å bidra til eit godt samarbeid med brukaren / pårørande.

Forventningar til brukaren

Brukar skal:

  • Utføre sjølv det ho/han meistrar.
  • Gi beskjed til heimesjukepleia dersom ho/han er bortreist eller varsle til resepsjonen på Sundheim, tlf. 612 16 400
  • Sørge for at det er framkommelig til huset, eksempelvis brøytt / strødd.
  • Unngå røykfylt luft i rom der heimesjukepleiar skal arbeide/opphalde seg, lufte godt ut før pleiaren kjem og ikkje røyke når ho/han er til stades.
  • Tilrettelegge arbeidsmiljøet ved t.d. å ta imot hjelpemiddel som heimesjukepleia finn nødvendig (tekniske hjelpemiddel, sjukeseng o.l.).
  • Det er krav om at heimesjukepleia skal kunne utføre arbeidet sitt etter arbeidsmiljølovens krav om forsvarleg arbeidsmiljø.
  • Det forventas at ferierande som har hjelpebehov sjølv legg til rette m.h.t å ha med seg hjelpemiddel, nødvendige medisinar, mat o.a.
  • Ordne med reint tøy, reine handkle og hygieniske artiklar der heimesjukepleia skal hjelp til med personleg hygiene.
  • Husdyr må ikkje være til stades der tenesta blir utført eller væra til hinder i arbeidet.
  • Gjøre seg kjent med innholdet i vedtaket.

 

Oppgåver som ikke inngår i heimesjukepleie

  • Det blir ikkje gitt hjelp der behovet berre er sosial kontakt.
  • Det blir ikkje gitt hjelp til innkjøp og servering av alkohol.
  • Det blir ikkje gitt hjelp der brukar eller andre i huset viser truande /krenkande åtferd/språkbruk.

 

Praktiske opplysningar

Endringar i tenestetilbodet
Behovet for hjelp blir vurdert til ei kvar tid og evt. justert dersom det endrar seg.

Reduksjon/bortfall av tenesta:

  • Tenesta kan bli redusert i ferie og på helligdagar. Dette blir da avtalt med brukaren og gjort etter individuell vurdering.

 

Kostnader:

  • Heimesjukepleie er gratis.

 

Dersom du skal søke eller si opp tenesta, har spørsmål o.l. kan du ta kontakt med: Sundheim Bo- og Treningssenter, 2640 Vinstra. Tlf. 61 21 64 00.

Saksbehandling, lovgrunnlag og klagerett

 

Lovgrunnlag:
Heimesjukepleie tildeles i enkeltvedtak til brukaren etter Helse- og omsorgstenesteloven §§ 3-1 og 3-2 punkt 6, bokstav a og omfattar ulike helsetenester som vert ytt i heimen, her under sjukepleie, miljøarbeidarteneste og psykisk helseteneste.

 

 

Saksgang:

  • Alle søknadar skal svarast på innan 14 dagar. Svaret skal minimum vere i form av eit standard svarbrev der søkjar m.a. får vite når saka er forventa ferdigbehandla.
  • All tildeling av tenester vert gjort med bakgrunn i kartlegging av brukaren sine ressursar og behov etter individuell og tverrfagleg vurdering.
  • Skriftleg vedtak med målsetting og skildring av tenesta vert sendt til brukar.
  • Betaling for tenesta vil koma fram i vedtaket.
  • Kontakt med andre tenesteområder vert vurdert ved behov.

 

 

Klagerett:

Brukar kan klage på vedtaket. Klagefristen er 3-tre-veker frå vedtaket er motteke. Klagen skal sendes til den som har utarbeidet vedtaket (adr. Sundheim Bo og Treningssenter). Klagen fører til ny saksbehandling. Dersom klager får avslag blir saken sendt til Fylkesmannen i Oppland for endeleg avgjerd.

Fann du det du leita etter?

Nord-Fron kommune Nedregate 50 2640 Vinstra | post@nord-fron.kommune.no | Tlf 61 21 61 00 | Faks 61 21 61 01
 

Åpningstider: Kommunehuset - alle kvardagar kl.08:00-15:30 | Sentralbord/servicetorg - alle kvardagar kl.09:00-14:30 
                                           

Organisasjonsnummer: 83 98 93 132

Webredaktør: Anita W Heggestuen |Følg oss på Twitter | Følg oss på Facebook

Nord-Fron kommune | Midt i Peer Gynts rike