Du er her:

Korttid/rehabilitering

Korttids-/ rehabiliteringsavdelinga har 18 plassar som heimetenesta disponerer. Avdelinga ligg i 2. etasje på Sundheim. Det er heis opp frå 1. etasje.

 

Kven kan søke

Den som har behov for rehabilitering, pleie og omsorg, ei kortare periode kan søke denne tenesta.

Formål

Korttidsopphald kan bli gitt for å utrede / observere / førebyggje sjukdom. Målet er at du skal komme heim og bu i eigen bustad etter opphaldet.

Rehabiliteringsopphald.

Den som har behov for opptrening etter sjukdom og skade kan søkje slikt opphald.
Målet er at du skal kunne oppnå best mogleg funksjonsnivå og kunne greie å bu i eigen bustad. Fleire faggrupper vil arbeide saman med deg. Din eige innsats vil være svært viktig om rehabiliteringa skal lukkast.

Avlastingopphald.

Avlatningsopphald blir gitt til personar som har eit tyngande omsorgsarbeid i heimen. Den som har behov for pleie og omsorg ei kortare periode, kan få eit opphald på Sundheim slik at den som har den daglege omsorga får avlasting / fri frå desse oppgåvene ei periode.

Pris

Pris for korttidsopphald; jfr. prisliste (avlastningsopphald er gratis).

Kontaktpersonar på Sundheim er virksomheitsleiar Åste Ringen Sandbu og fagansvarleg Guri Haugen.

Sundheim korttidsavdelinga
Namn Funksjon Telefon E-post
Guri Haugen Avdelingsleiar 61 21 64 00 guri.haugen@nord-fron.kommune.no
Åste Ringen Sandbu Virksomhetsleder 61 21 64 00 aste.r.sandbu@nord-fron.kommune.no

 

 

 

Fann du det du leita etter?

Åste  Ringen Sandbu

Virksomhetsleiar
 
61 21 64 40
 
958 10 515
 
Send epost

Nord-Fron kommune Nedregate 50 2640 Vinstra | post@nord-fron.kommune.no | Tlf 61 21 61 00 | Faks 61 21 61 01
 

Åpningstider: Kommunehuset - alle kvardagar kl.08:00-15:30 | Sentralbord/servicetorg - alle kvardagar kl.09:00-14:30 
                                           

Organisasjonsnummer: 83 98 93 132

Webredaktør: Anita W Heggestuen |Følg oss på Twitter | Følg oss på Facebook

Nord-Fron kommune | Midt i Peer Gynts rike