Du er her:

Serviceerklæring/tildelingskriterier korttidsopphald for avlastning i institusjon


Tildelingskriteriene er vedtatt av kommunestyre i NFK 14.12.15.



Ansvarlig: Kommunalsjef



 



Formål



Heimetenesta ved avdeling kortid/rehabilitering skal arbeide for at flest mogleg brukarar skal få bu heime lengst mulig. Brukarar skal oppleve tryggheit og livskvalitet så lenge dei bur heime. Formålet med tenesta er å gje pårørande som har den daglege omsorgen avlasting / fri frå desse oppgåvene ei avgrensa periode.



Kriterier for tildeling av tenesta



Følgjande kriterier gjelder for tildeling av tenesta:




  • Personar og familiar som har eit særleg tyngande omsorgsarbeid.


  • Omsorgsbehovet er av ein slik karakter at den omsorgstrengande ikkje kan vera åleine heile eller delar av døgnet, og gir avgrensa mogelegheit til nødvendig og regelmessig ferie og fritid for omsorgsytar.


  • Omsorgsbehovet kan vera av fysisk, psykisk eller sosial karakter.


  • Den omsorgstrengande må vera heimebuande eller midlertidig opphalde seg i kommunen.


  • Den omsorgstrengande må ha eit omfattande og varig omsorgsbehov, og som i hovudsak vert teke hand om av privat omsorgsgjevar.



Tenesta sitt innhald



Tidsavgrensa opphald i institusjon for den som er pleietrengande. Inneheld pleie- og omsorg for ivaretaking av grunnleggande behov, men ikkje utgreiing, behandling og rehabilitering.



Forventningar til tenesteyter




  • All pleie og omsorg vert gitt i samarbeid med autorisert helsepersonell.


  • Legemiddelhandtering vert utført av autorisert helsepersonell etter tilvising av lege.


  • Aktivitetstilbod på institusjonen.



Forventningar til tilsette



Tilsette skal:




  • Bære legitimasjon-/ID-kort


  • Ikkje mota gåver frå brukaren; dette gjeld ikkje for gåver av ubetydeleg verdi slik som blomster, konfekteske o.l.


  • Fjølge gjeldande reglement for arbeidsantrekk.



Tilsette har:




  • Rapporteringsplikt til overordna ved endringar hos brukar; eks. endringar i helsetilstand og funksjonsevne.


  • Teieplikt i alle tilhøve rundt brukaren.


  • Ansvar for å gjere sitt til å bidra til eit godt samarbeid med brukaren / pårørande.



 



Forventningar til brukar og pårørande




  • Tek kontakt ved behov for informasjon, råd, rettleiing og evt. ved klage.


  • Gjer seg kjend med innhaldet i vedtaket.


  • Den enkelte brukar utfører sjølv det han/ho meistrar.


  • Tek med seg eigne legemiddlar og medisinsk utstyr.


  • Ansvar for eventuelle verdisaker som vert teke med.


  • Sørgjer for at private klede er merka med namn.



Praktiske opplysningar



Kostnader:




  • Tenesta er gratis.



Generelt:




  • Behovet for hjelp blir vurdert til ei kvar tid og evt. justert dersom det endrar seg.



Dersom du skal søke eller si opp tenesta, har spørsmål o.l. kan du ta kontakt med: Sundheim Bo- og Treningssenter, 2640 Vinstra. Tlf. 61 21 64 00.



 



Lovgrunnlag, saksgang og klagerett



Lovkrav:

Avlastning er lovpålagt med heimel i Helse- og omsorgstenesteloven § 3-2 punkt 6, bokstav d.



Saksgang:




  • Alle søknadar skal svarast på innan 14 dagar. Svaret skal minimum vere i form av eit standard svarbrev der søkjar m.a. får vite når saka er forventa ferdigbehandla.


  • All tildeling av tenester vert gjort med bakgrunn i kartlegging av brukaren sine ressursar og behov etter individuell og tverrfagleg vurdering.


  • Skriftleg vedtak med målsetting, skildring av tenesta og informasjon om institusjonen vert sendt til brukar.


  • Kontakt med andre tenesteområder vert vurdert ved behov.



Klagerett:

Brukar kan klage på vedtaket. Klagefristen er 3-tre-veker frå vedtaket er motteke. Klagen skal sendes til den som har utarbeidet vedtaket (adr. Sundheim Bo og Treningssenter). Klagen fører til ny saksbehandling. Dersom klager får avslag blir saken sendt til Fylkesmannen i Oppland for endeleg avgjerd.



 



 


Nord-Fron kommune Nedregate 50 2640 Vinstra | post@nord-fron.kommune.no | Tlf 61 21 61 00 | Faks 61 21 61 01
 

Åpningstider: Kommunehuset - alle kvardagar kl.08:00-15:30 | Sentralbord/servicetorg - alle kvardagar kl.09:00-14:30 
                                           

Organisasjonsnummer: 83 98 93 132

Webredaktør: Anita W Heggestuen |Følg oss på Twitter | Følg oss på Facebook

Nord-Fron kommune | Midt i Peer Gynts rike