Du er her:

Serviceerklæring/tildelingskriterier korttidsopphald institusjon


 



Tildelingskriteriene er vedtatt av kommunestyre i NFK 14.12.15



Ansvarlig: Kommunalsjef



 



Formål med tenesta



Formål:



Heimetenesta ved avdeling Korttid/rehabilitering skal arbeide for at flest mogleg brukarar skal få bu heime lengst mulig. Brukarar skal oppleve tryggheit og livskvalitet så lenge dei bur heime. Korttidsopphald kan bli gitt for å utrede / observere / førebyggje sjukdom. Formålet med tenesta er å legge til rette så brukar blir mest mulig sjølvhjulpen og i stand til å ivareta eigne behov.



 



Mål med tenesta



 




  • Tenesta skal nyttast for å utreda tenestemottakars evne til eigenomsorg og vurdera behov for framtidige tenester/tenestenivå.


  • Tenesta vert nytta i ein avgrensa periode for tenestemottakarar som på grunn av sjukdom/endring i funksjonsnivå treng omfattande tilsyn og hjelp.


  • Brukar skal kunna fortsetja å bu i eigen bustad.


  • Brukar skal kunna fungera på eit lågare omsorgsnivå enn institusjon.


  • Behov for langtidsopphald i institusjon vert utsett.


  • Brukar opprettheld og/eller trener opp funksjonar eller lærer seg å leve med nedsett funksjonsevne.


  • Medisinsk utredning og/eller behandling.




  • Førebygging og lindring av fysiske og psykiske symptom.


  • All behandling og hjelp skal være i samråd med pasienten.



 



Kven får tenesta




  • Tildelt hjelp tar utgangspunkt i kartlagt hjelpebehov og brukar sine eigne ressursar.


  • Pasientar som for ei tidsavgrensa periode treng døgnkontinuerlig observasjon, vurdering, pleie, behandling, tilsyn og/eller opptrening/ rehabilitering eller omsorg ved livets slutt. Det vil alltid verta vurdert om nødvendig helsehjelp kan givast på ein fagleg forsvarlig måte i heimen. Før akutt innlegging skal legen ha sett og vurdert behovet for innleggelsen.



 



Kva omfattar tenesta




  • Brukarane får individuell observasjon, pleie, behandling og rettleiing, der målet er at dei skal greie mest mogeleg sjølv.


  • Medisinsk behandling og pleie ved sjukdom.


  • Førebyggande tiltak / veiledning / rehabilitering


  • Det vert ytt tverrfagleg oppfylging frå bl.a. lege, fysioterapeut og ergoterapeut. Tilsynslege kan tilvisa til fysioterapeut og spesialisthelseteneste ved behov.


  • Leggja til rette for at brukar har nødvendige hjelpemidlar.


  • Vurdering av tilstand og funksjonsnivå med tanke på behandling, tiltak og framtidige omsorgsbehov.


  • Etterbehandling frå sjukehus.


  • All pleie og omsorg vert gitt i samarbeid med autorisert helsepersonell.


  • Legemiddelhandtering vert utført av autorisert helsepersonell etter føreskriving av lege.


  • Tilbod om å delta på sosiale aktivitetar ved institusjonen.


  • Tidsavgrensa opphald vert ikkje automatisk eit langtidsopphald sjølv om behovet for hjelp aukar. Eventuell forlenging av opphald skjer etter ein tverrfagleg vurdering.


  • Pasientar med behov for langvarige og koordinerte tenester, skal få tilbod om å få utarbeida ein individuell plan jf. Lov om pasientrettigheter § 2-5, jf. Helse- og omsorgstenesteloven § 7-1, individuell plan.


  • Pleie og omsorg ved livets slutt.


  • Tilsynslege på Sundheim har ikkje anledning til å utrede alt som er ønskeleg, fastlege må nyttast til det. Det som er relevant for opphaldet blir prioritert


  • Trening generelt er redusert i helger og høgtider.



Forventningar til tilsette.



Tilsette skal:




  • Bære namneskilt og legitimasjon-/ID-kort


  • Ikkje ta i mot gåver frå brukaren; dette gjeld ikkje for gåver av ubetydeleg verdi slik som blomar, konfekteske o.l.


  • Ansvar for å gjere sitt til å bidra til eit godt samarbeid med brukaren / pårørande.



Tilsette har




  • Rapporteringsplikt til overordna ved endringar hos brukar; t.d. endringar i helsetilstand, funksjonsevne o.l.


  • Teieplikt i alle forhold rundt brukaren.


  • Ansvar for å gjere sitt til å bidra til eit godt samarbeid med brukaren / pårørande.



 



Forventningar til brukar/pårørande




  • Tek kontakt ved behov for informasjon, råd, rettleiing og evt ved klage.


  • Gjer seg kjend med innhaldet i vedtaket.


  • Den enkelte brukar utfører det han/ho meistrar sjølv.


  • Ansvar for verdisaker som tvert teke med til institusjonen.


  • Sørgjer for at private klede er merka.



 



Familien/pårørande skal så langt det er mulig bistå med utføring av private gjøremål som t.d. innkjøp av klede, banktjenester, følgje til tannlege, undersøkelser m.m.



 



Oppgåver som ikkje gir rett til korttidsopphold



I utgangspunktet blir det ikkje gitt korttidsopphold der behovet er begrunna med ensomhet og mangel på sosial stimulering. I slike tilfelle skal det først vurderas behov for andre typar tenester på lågare omsorgsnivå.



Praktiske opplysningar



Kostnader:



Eigenbetaling, iht. Forskrift om eigenandel for kommunale helse- og omsorgstenester, skjer på grunnlag av netto inntekt av samla skattbar inntekt for husstanden (ektefelle/sambuar, heimebuande barn) før særfrådrag. Inntektsgrensa vert justert etter grunnbeløpet i folketrygda. Satsar for eigenbetaling vert vedtekne av kommunestyret kvart år. Beløpet kjem fram også i vedtak om tenester.



 



Etter 60 døgn med korttidsopphald blir prisen auka og ein betaler som for langtidsopphald.



 



Lovgrunnlag



 



Lovgrunnlag:




  • Korttidsopphald i institusjon er lovpålagt med heimel i Helse- og omsorgs-tenesteloven § 3-2 punkt 6, bokstav c. Korttidsopphald kan tildelast for rehabilitering, observasjon, medisinsk vurdering, terminal pleie og behandling som ikkje krev sjukehusinnlegging. Opphald kan forlengast til potensialet vert vurdert som nådd.



Saksgang:




  • Alle søknadar skal svarast på innan 14 dagar. Svaret skal minimum vere i form av eit standard svarbrev der søkjar m.a. får vite når saka er forventa ferdigbehandla.


  • All tildeling av tenester vert gjort med bakgrunn i kartlegging av brukaren sine ressursar og behov etter individuell og tverrfagleg vurdering.


  • I utgangspunktet skal skriftlig vedtak inneholde målsetting for oppholdet.


  • Betaling for tenesta vil koma fram i vedtaket.


  • Kontakt med andre tenesteområder vert vurdert ved behov.



Klagerett:




  • Brukar kan klage på vedtaket. Klagefristen er 3-tre-veker frå vedtaket er motteke. Klagen skal sendes til den som har utarbeidet vedtaket (adr. Sundheim Bo og Treningssenter). Klagen fører til ny saksbehandling. Dersom klager får avslag blir saken sendt til Fylkesmannen i Oppland for endeleg avgjerd.


  • Dersom du skal søke eller si opp tenesta, har spørsmål o.l. kan du ta kontakt med: Sundheim Bo- og Treningssenter, 2640 Vinstra. Tlf. 61 21 64 00. Avdeling Korttid / rehabilitering.



 



 



 



 


Nord-Fron kommune Nedregate 50 2640 Vinstra | post@nord-fron.kommune.no | Tlf 61 21 61 00 | Faks 61 21 61 01
 

Åpningstider: Kommunehuset - alle kvardagar kl.08:00-15:30 | Sentralbord/servicetorg - alle kvardagar kl.09:00-14:30 
                                           

Organisasjonsnummer: 83 98 93 132

Webredaktør: Anita W Heggestuen |Følg oss på Twitter | Følg oss på Facebook

Nord-Fron kommune | Midt i Peer Gynts rike