Du er her:

Omsorgsstønad

Omsorgsstønad (tidlegare kalla "omsorgsløn") er skattepliktig løn til personar som har eit særleg tyngjande omsorgsarbeid.

Omsorgsstønad tek ikkje sikte på å gi full løn for kvar time med omsorgsarbeid, men skal vere ein kompensasjon/godtgjering for særleg tyngande omsorgsarbeid. Kommunen avgjer kor høg omsorgsstønaden skal vera, og den skal ikkje erstatta anna inntekt.                                                                                    

Omsorgsstønad er heimla i lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. av 24.06.11 nr. 30 § 3-1 og § 3-6 (om kommunens ansvar overfor pårørende i form av omsorgsstønad).

 

Vilkår for å få tildelt omsorgsstønad

  • Omsorgsmottakaren må vera busett i Nord-Fron kommune når omsorga blir gjeve.
  • Omsorgsarbeidet må vera særleg tyngande.
  • Omsorgsarbeidet må gjelde nødvendige omsorgsoppgåver som elles ville vorte utført av kommunen.
  • Søkjaren sin omsorg må vera den beste løysinga for brukar.
  • Kommunen kan ta omsyn til eigne ressursar og tenester ved tildeling.
  • Brukaren må sjølv ha ønskje om at den som søkjer skal hjelpe til.
  • Det er ein føresetnad at det er søkt NAV om hjelpestønad da dette går til same føremål.
  • Nord-Fron kommunen vil vurdere saka, og om det er naudsynt, innhente vidare opplysningar.

 

Avtale og løn

Den som får omsorgsstønad er oppdragstakar, og må gje beskjed til kommunen ved endringar og avbrot av oppdraget for kortare eller lengre tid. Omsorgsstønad er skattepliktig. Stønadssatsen følgjer minsteløn for ufaglært assistent. 

Vedtaket blir evaluert minst kvart halvår der det blir ei ny vurdering av tiltaket; er det endringar av hjelpebehov for brukar, og er det evt. andre hjelpetiltak som kan vera eit betre alternativ

Søknad kan sendast til Nord-Fron kommune, Nedregate 50, 2640 Vinstra

Fann du det du leita etter?

Nord-Fron kommune Nedregate 50 2640 Vinstra | post@nord-fron.kommune.no | Tlf 61 21 61 00 | Faks 61 21 61 01
 

Åpningstider: Kommunehuset - alle kvardagar kl.08:00-15:30 | Sentralbord/servicetorg - alle kvardagar kl.09:00-14:30 
                                           

Organisasjonsnummer: 83 98 93 132

Webredaktør: Anita W Heggestuen |Følg oss på Twitter | Følg oss på Facebook

Nord-Fron kommune | Midt i Peer Gynts rike