Du er her:

Fremje planforslag

Du kan sjå om ein eigedom er regulert eller ikkje ved å gå inn i kommunen si kartløsning og hake av for "Reguleringsplaner" under kartlag. Dersom du ønskjer å utvikle eit område som ikkje er regulert, kan du fremje eit privat forslag til regulering. Private planforslag må følge opp hovudtrekk og rammer i kommuneplanens arealdel.

Kven kan fremje planforslag?

Private tiltakshavarar, organisasjonar og andre myndigheiter har rett til å fremje forslag til detaljregulering. Sjølve planforslaget må utarbeidast av fagkyndig, og det er visse krav til framstilling av planforslaget.

 

Planprosessen

Plan- og bygningslova stiller klare krav til planprosessen. Dei viktigaste punkta er lista opp nedanfor:

 

Planinitiativ og oppstart:

 

Forskrift om behandling av private forslag til detaljreguleringsplan etter plan- og bygningsloven gir detaljerte føresegner om krav til utforming av planinitiativ, gjennomføring av oppstartmøte for private reguleringslanforslag og referat frå slikt oppstartmøte. Det må leggjast fram eit planinitiativ som oppfyller krava i §1 før oppstartsmøte kan avtalast og gjennomførast.

 

Forslagsstillar skal som del av planinitiativet sjølv  vurdere om tiltaket er omfatta av "Forskrift om konsekvensutredninger".

 

Planinitiativet (mal for skjema) skal sendast inn seinast samtidig med bestilling av oppstartsmøte. Oppstartsmøte avtalast av forslagsstillar/konsulent og kommunen. Skjema for planinitiativ

 

Planoppstart for reguleringsplan, eventuelt planprogram, varslast til berørte grunneigarar, naboar og berørte partar. Planoppstart må også kunngjerast i lokalavis og på kommunen si heimeside.

 

Behandling av planforslag:

 

 

Planforslag blir sendt inn til kommunen.

 

Fyrste gongs behandling av planforslaget i kommunens faste planutval.

 

Planen blir lagt ut til offentleg ettersyn og sendast på høyring i minimum seks veker.

 

Planforslaget blir bearbeida i samsvar med eventuelle høringsinnspel og blir lagt fram til sluttbehandling i kommunestyret.

 

Endeleg vedteke reguleringsplan blir kunngjort, med klagefrist 3 veker etter kunngjering.

 

Kva for krav stiller kommunen til planleveranse?

•SOSI-fil av planomriss blir oversendt til kommunen seinast 7 dagar før varsel om oppstart.

•SOSI-fil av planen skal leggjast ved planforslag, saman med rapport for gjennomført SOSI-kontroll.

•Planforklaring og føresegner skal oversendast både som PDF og Word-fil.

 

Elles blir det lagt til grunn krav til innhold reguleringsplaner i plan- og bygningslova og kommuneplanen.

 

 

Fann du det du leita etter?

Nord-Fron kommune Nedregate 50 2640 Vinstra | post@nord-fron.kommune.no | Tlf 61 21 61 00 | Faks 61 21 61 01
 

Åpningstider: Kommunehuset - alle kvardagar kl.08:00-15:30 | Sentralbord/servicetorg - alle kvardagar kl.09:00-14:30 
                                           

Organisasjonsnummer: 83 98 93 132

Webredaktør: Anita W Heggestuen |Følg oss på Twitter | Følg oss på Facebook

Nord-Fron kommune | Midt i Peer Gynts rike