Du er her:

Gjeldande arealplanar

Det vil vere ein arealplan som gjeld for alle eigedomar i kommunen. Dette kan vere både kommuneplanens arealdel og reguleringsplanar. Planane viser korleis eigedomen din kan brukast, og er juridisk bindande.

 

Korleis finne aktuell reguleringsplan?

PlanInnsyn

I den digitale kartløysinga PlanInnsyn ligg alle vedtekne reguleringsplanar og arealdelen av kommuneplan.

 

PlanInnsyn

Er planen du er interessert nyleg kunngjort med melding om vedteke plan, vil du finne ein artikkel om den aktuelle planen under fana kunngjeringar/høyringar. I artikkelen er det ein link som tek deg direkte til aktuell plan i PlanInnsyn.

Du kan også søkje etter aktuell plan direkte i PlanInnsyn via søkefeltet. Skriv inn delar av plannavn, planid, gatenavn, gnr/bnr eller stadnavn.

Eventuelt kan du navigere deg frem ved å zoome i kartet.

Hugs å velje kartlag reguleringsplan eller arealdel av kommuneplan i menyen til venstre i bildet.

Klikk i kartet, innanfor planen, for å få opp informasjon om planen.

 

Kommunekart

Du kan også finne arealdelen av kommuneplan og alle reguleringsplanar i kartløysinga Kommunekart. Her finn du også fleire temakart, flyfoto mm.

Kommunekart

Vel Nord-Fron kommune.

Tast inn aktuell adresse eller gards- og bruksnr. i søkefeltet.

Vel kartlag reguleringsplanar og kommuneplan

Eventuelt kan du klikke på aktuell stad i kartet eller navigere deg fram ved å zoome i kartet.

Klikk i kartet og du f¨år opp informasjon om gjeldande arealformål og link til planføresegner.

Fann du det du leita etter?

Nord-Fron kommune Nedregate 50 2640 Vinstra | post@nord-fron.kommune.no | Tlf 61 21 61 00 | Faks 61 21 61 01
 

Åpningstider: Kommunehuset - alle kvardagar kl.08:00-15:30 | Sentralbord/servicetorg - alle kvardagar kl.09:00-14:30 
                                           

Organisasjonsnummer: 83 98 93 132

Webredaktør: Anita W Heggestuen |Følg oss på Twitter | Følg oss på Facebook

Nord-Fron kommune | Midt i Peer Gynts rike