Du er her:

Varsel om oppstart av detalreguleringsplan for Rondablikkdokka

Nord-Fron kommune varsler med dette oppstart av detaljreguleringsplan for Rondablikkdokka. Planområdet er lokalisert på Kvamsfjellet, i nærleiken av Årvillingen, Rondablikk Høyfjellshotell og Ruststugusetra.

Frist for å komme med merknad til oppstartsvarslet settes til 8.1.2019.

Formålet med planarbeidet, er å endre tidlegare arealbruk i området slik at denne kjem i tråd med nyleg vedteke arealdel av kommuneplan. Området vart konsekvensutreda i samband med kommuneplanens arealdel, og det er derfor ikkje lagt opp til planprogram i samband med reguleringa, jf. kartutsnitta nedanfor:

Bakgrunnskart_Rondablikkdokka - Klikk for stort bilete

Ortofoto_Rondablikkdokka - Klikk for stort bilete

Hovudendringane frå gjeldande planar i området, er å regulere inn areal for stadion/idrettsanlegg til bruk ved større arrangement på Kvamsfjellet, areal for ny Røde Kors-hytte, endring av tidligare regulert næringsområde for utleigehytter/leiligheiter til nytt areal for parkering som  følgje av ny stadion og eit mindre areal for fritidsbustader i tilknytning til eksisterande hyttefelt. Vidare er det eit hovudformål å regulere inn allerede eksisterande infrastruktur knytta til sti- og løypenett, samt sikre areal for allmennheita. I samband med nytt parkeringsareal, vil det vere vesentleg å sikre at Årvillingsbekken ikkje blir påverka i negativ retning.

Det er også tatt ut eit tidlegere område avsett til kulturminne, etter at dette vart grave ut og frigjeve i 2017.

Gjeldande arealdel av kommuneplan viser slik arealbruk:

Kp_Rondablikkdokka - Klikk for stort bilete

Fann du det du leita etter?

Nord-Fron kommune Nedregate 50 2640 Vinstra | post@nord-fron.kommune.no | Tlf 61 21 61 00 | Faks 61 21 61 01
 

Åpningstider: Kommunehuset - alle kvardagar kl.08:00-15:30 | Sentralbord/servicetorg - alle kvardagar kl.09:00-14:30 
                                           

Organisasjonsnummer: 83 98 93 132

Webredaktør: Anita W Heggestuen |Følg oss på Twitter | Følg oss på Facebook

Nord-Fron kommune | Midt i Peer Gynts rike