Du er her:

Bostøtte Husbanken

Kva er bostøtte?  

Bostøtte er ei behovsprøvd statleg støtteordning for dei som har låg inntekt og høge boutgifter.

Husbanken og kommunen samarbeider om bostøttedordninga. Husbanken fattar vedtak, men det er NAV Nord-Fron  som behandlar søknaden og har all kontakt med deg som søkjar.

Sjekk om du kan få bostøtte

Husbanken si nettside kan du sjå kven som kan få bostøtte, kva krav som gjeld for bustaden og kva inntektstgrenser som gjeld. Du kan også prøve bostøttekalkulatoren.

 

Søk bostøtte

Husbanken si nettside får du forklart korleis søkje bostøtte.

Søknadsfristen for bostøtte er den 25. kvar månad. Utbetaling skjer ca. den 20. i påfølgjande månad. Viss du får innvilga bostøtte, blir søknaden din overført til neste månad. Får du avslag fordi du har høg inntekt ein månad, blir søknaden din overført til neste månad automatisk.

 

Meld frå om endringar

Du har plikt til å melde frå viss det er endringar i nokre av opplysningane du har gjeve i søknaden. Sjekk alltid at det er brukt korrekte opplysningar i vedtaket du får.

 

Klage på vedtak om bostøtte.

Viss du meiner noko er feil i vedtaket, kan du klage innan 3 veker etter du mottok vedtaket.

 

Meir informasjon

Du finn meir informasjon om bostøtte på Husbanken si nettside. Du kan også ta kontakt med NAV Nord-Fron for hjelp og rettleiing.

Kontakt NAV Nord-Fron:  

Kontaktperson - bostøtte
Namn Telefon E-post
Iren W. Skurdal 61216238/975 23 691 iren.w.skurdal@nord-fron.kommune.no
Fann du det du leita etter?

Nord-Fron kommune Nedregate 50 2640 Vinstra | post@nord-fron.kommune.no | Tlf 61 21 61 00 | Faks 61 21 61 01
 

Åpningstider: Kommunehuset - alle kvardagar kl.08:00-15:30 | Sentralbord/servicetorg - alle kvardagar kl.09:00-14:30 
                                           

Organisasjonsnummer: 83 98 93 132

Webredaktør: Anita W Heggestuen |Følg oss på Twitter | Følg oss på Facebook

Nord-Fron kommune | Midt i Peer Gynts rike