Du er her:

Gjeldsrådgjeving

Har du gjeld som du ikkje greier å betale - søk hjelp så snart som mogeleg. Gjelda veks fort viss du ikkje gjer noko med den.

Kva bistår tenesta med

Nord-Fron kommune sin gjeldsrådgjevar gjev råd og rettleiing til personar med økonomiske problem, eller som treng hjelp etter Gjeldsordningslova.

  • Du kan få hjelp til å sette opp eit budsjett
  • Du kan få hjelp til å ta kontakt med kreditorane dine for å kome fram til ei avtale om nedbetaling av gjelda di
  • Du kan få hjelp til å søkje gjeldsordning viss det viser seg at det er løysinga for deg.

 

Sjølvhjelpspakke

Kva  kan du sjølv gjere viss du opplever at du er i ferd med eller har mista kontrollen over eigen økonomi. Her finn du ein rettleiar/ sjølvhjelpspakke som skal vere ei hjelp på vegen til å ta styringa att over eigen økonomi.


Gjeldsordning

Gjeldsrådgjevar skal så langt det er mogeleg hjelpa ein skuldnar med å koma fram til ei nedbetalingsordning eller utanomrettsleg gjeldsordning med sine kreditorar.

Målgruppe


Personer med gjeldsproblem som treng hjelp til å ivareta eigne interesser i kontakt med sine kreditorar.

Anna informasjon

Tenesta er frå 01.01.2014 samlokalisert med statlege tenester i NAV og er å finne i NAV sine lokale på kommunehuset. Den økonomiske rådgjevinga er gratis. Ved behov for råd og rettleiing i forhold til gjeld kan du benytte NAV sin gjeldstelefon 800Gjeld, tlf. 800 45 353.

 

Kontaktpersonar - gjeldsrådgjeving NAV Nord-Fron
Kontaktpersonar - gjeldsrådgjeving NAV Nord-Fron
Telefon E-post
Ann-Torill Løland 55 55 33 33 ann-torill.loland@nav.no

 

 

 

Fann du det du leita etter?

Nord-Fron kommune Nedregate 50 2640 Vinstra | post@nord-fron.kommune.no | Tlf 61 21 61 00 | Faks 61 21 61 01
 

Åpningstider: Kommunehuset - alle kvardagar kl.08:00-15:30 | Sentralbord/servicetorg - alle kvardagar kl.09:00-14:30 
                                           

Organisasjonsnummer: 83 98 93 132

Webredaktør: Anita W Heggestuen |Følg oss på Twitter | Følg oss på Facebook

Nord-Fron kommune | Midt i Peer Gynts rike