Du er her:

Transporttenesta for forflytningshemma - TT-kort

Kva er TT-ordning

TT-ordninga er ei fylkeskommunal finansiert transportstøtteordning og er for personar som på grunn av funksjonshemming har vanskar med å nytte kollektive transportmidlar.
Transportordninga er eit tilbud ( ikkje lovpålagt ) til dei som har behov for spesialtransport.

Tilbodet er ei ordning som skal bidra til at forflyttingshemma skal kunne leve eit så aktivt liv som mogleg.

TT-ordninga utløyser ei økonomisk støtte i form av elektroniske kort. Desse korta brukast til transport med drosje.

Ansvarleg for ordninga er Oppland Fylkeskommune medan det er kommunen som har ansvar for tildeling. Ordninga skal brukes til «frie» reiser som kultur arrangement, sosiale aktivitetar og andre fritidsreiser. NB ! den skal ikkje brukast til legebesøk, reiser som blir dekka av folketrygda, skyss til og frå skole/arbeid eller til opphold i institusjon/sjukehus.

 

Målgruppe

Yngre, samfunnsaktive ffh, dei som brukar rullestol, har dårleg syn o.a. funksjonshemningar blir prioritert.

Naturleg alderdomssvekking og mangel på kollektivtilbod er ikkje grunnlag nok for å bli godkjent som TT-brukar. Du vil heller ikkje bli prioritert dersom du nyttar deg av andre støtteordningar i kommunen som gjer deg i stand til kome deg ut, du bur med andre/på institusjon eller i nærleiken av butikk eller andre tenestetilbod.

 

Søknad

Etter søknad kan du få TT-kort.

Oppland fylkeskommune bestemmer antal TT-heimlar som skal innvilgast i kvar kommune.
Søknad om transporttjeneste for ffh blir innvilga under føresetnad om at kommunen har ledig heimel. Det er i dag mange fleire søknader enn det er heimlar. Vi må difor prioritere som følgjande: innvilga, venteliste eller avslag. Her finn du meir informasjon frå Oppland fylkeskommune.

TT-kort kontaktperson ( frå 15.10.18)
TT-kort kontaktperson ( frå 15.10.18)
Kontaktperson Telefon E-post Telefontid
Heidi Reitan 61 21 64 05 heidi.reitan@nord-fron.kommune.no kun måndagar
Fann du det du leita etter?

Nord-Fron kommune Nedregate 50 2640 Vinstra | post@nord-fron.kommune.no | Tlf 61 21 61 00 | Faks 61 21 61 01
 

Åpningstider: Kommunehuset - alle kvardagar kl.08:00-15:30 | Sentralbord/servicetorg - alle kvardagar kl.09:00-14:30 
                                           

Organisasjonsnummer: 83 98 93 132

Webredaktør: Anita W Heggestuen |Følg oss på Twitter | Følg oss på Facebook

Nord-Fron kommune | Midt i Peer Gynts rike