Du er her:

Avfallshandtering / Renovasjon

Midt-Gudbrandsdal Renovasjonsselskap er eit interkommunalt selskap eigd av kommunane Nord-Fron, Sør-Fron og Ringebu.

MGR har ansvar for innsamling, transport og behandling av avfall i kommunane. Alle eigedommar i Nord-Fron kommune er omfatta av tvungen renovasjonsordning, og må betale gebyr for denne tenesta. Restavfall blir henta kvar 4. veke, organisk avfall blir henta kvar 2. veke, og papiravfall kvar 4. veke. På nettsida til MGR finn du ( og kan evt. skrive ut) tømmeplan for din husstand.
 

Avfallsplassar

Nord-Fron har to avfallssplassar: Rustmoen miljøstasjon og Kvam gjenvinningsstasjon. Stubbro miljøstasjon på Sødorpfjellet (opna juli 2017)  har nedgravde tankar for ulike typer avfall. Hytteeigarar kan her levere matavfall og plastemballasje.

Spesialavfall

Spesialavfall skal leverast på gjennvinningsstasjonen i Ruste.

Glas

Glas kan leverast til glasigloar som er sett ut fleire stader i kommunen ( Montèr og Per Gynt-senteret på Vinstra, Kiwi og Viksbakkan i Kvam, Kverndokka, Rondablikkdokka og Rustmoen miljøstasjon).

Kompostering 

Ved avtale om heimekompostering får du reduksjon i renovasjonsavgifta. 

 

Utlevering av avfallsdunkar

Midt-Gudbrandsdal Renovasjon har ansvaret for utkjøring og innkjøring av avfallsbeholdere.

Alle henvendelser vedr. utkjøring/innkjøring av beholdere kan rettes til avd.leder Geir Ove Kolobekken, tlf. 478 11185, geir.ove@mgr.no          

Renovasjon
Kontaktar Telefon E-post
Midt-Gudbrandsdal Renovasjonsselskap 61 28 31 78 / 478 111 85 post@mgr.no
Nord-Fron kommune 61 21 61 00 post@nord-fron.kommune.no
Frya Miljøstasjon 61 29 67 74
Rustmoen Miljøstasjon 61 29 11 73
Kvam Gjennvinningsstasjon 900 90 343
Fann du det du leita etter?
Virksomhetsleder
 
61 21 61 67
 
971 94 880
 
Send epost

Nord-Fron kommune Nedregate 50 2640 Vinstra | post@nord-fron.kommune.no | Tlf 61 21 61 00 | Faks 61 21 61 01
 

Åpningstider: Kommunehuset - alle kvardagar kl.08:00-15:30 | Sentralbord/servicetorg - alle kvardagar kl.09:00-14:30 
                                           

Organisasjonsnummer: 83 98 93 132

Webredaktør: Anita W Heggestuen |Følg oss på Twitter | Følg oss på Facebook

Nord-Fron kommune | Midt i Peer Gynts rike