Du er her:

Vassforsyning

Nord-Fron kommune har anlegg for vassforsyning i Vinstra, Kvam, Brattliflata og Skåbu.

Vinstra vassverk


Vassverket for Vinstra ligg i Lomoen, og fordeler vatn via høgdebasseng i Sorperoa, Byrevegen, Byrlykkja og Tokse til Vinstra sentrum og bustad- og næringsområda omkring.

Kvam vassverk

Vassverket på Kvam ligg ved Kvam bru og fordeler vatn via høgdebassenget i Røssumlykkja til bustad- og næringsområda i Kvam.

Brattliflata vassverk

For Brattliflata i Ruste er det vassforsyning frå kraftverkstunnelen via behandlingsanlegg og ut til bustadane i nærområdet på Brattliflata.

Skåbu vassverk

I Skåbu blir det pumpa vatn frå grunnvasskjelda ved Kamfossen via behandlingsanlegg ved Moen og vidare til høgdebasseng ovanfor Austlifeltet. Dette anlegget fordeler vatn til sentrumsområdet og til hyttene i Holslåa.

Vassprøver

LabNett har eit tilbod for analyse av vassprøver til private og bedrifter. Dette er ein enkel måte å få analysert vasskvaliteten på.

Prøver kan bestillast via nettportalen vannportal ; der kan det bestillast emballasje og ønska analysepakke.

Kontaktpersonar:

Vatn
Stilling Namn Telefon E-post
Ingeniør Trond Riiser 61 21 61 28/91 39 20 33 trond.riiser@nord-fron.kommune.no
Fann du det du leita etter?
Virksomhetsleder
 
61 21 61 67
 
971 94 880
 
Send epost

Nord-Fron kommune Nedregate 50 2640 Vinstra | post@nord-fron.kommune.no | Tlf 61 21 61 00 | Faks 61 21 61 01
 

Åpningstider: Kommunehuset - alle kvardagar kl.08:00-15:30 | Sentralbord/servicetorg - alle kvardagar kl.09:00-14:30 
                                           

Organisasjonsnummer: 83 98 93 132

Webredaktør: Anita W Heggestuen |Følg oss på Twitter | Følg oss på Facebook

Nord-Fron kommune | Midt i Peer Gynts rike