Du er her:

Vassmålaravlesing på sms eller nett

Det er mogeleg for abbonentar på kommunal vassforsyning med vassmålar å lese av vassmålaren sin anten via sms eller på nett. Frist for avlesing er 20.november 2016.

Nord-Fron kommune ønskjer å få mest mogeleg registrering via SMS og oppfordrar difor alle til å svare via SMS. Etter innmeldt målestand via SMS vil du få ei bekrefting tilbake.

For avlesing på nett - her er link til www.leseav.no og registrer målarstand ved hjelp av din unike kode som står på avlesingskort.

Når du les av standen, ikkje ta med raude tal eller tal bak komma.

Dei som ikkje svarar via SMS vil få avlesingskort i posten med svarfrist 4. desember 2016.

Vasslekkasje kan vere dyrt. Til og med ei kran som berre drypper sakte kan bruke fleire tusen liter på eitt år. WC kan lekkje mykje vatn, opptil fleire hundre tusen liter vatn på eitt år. Slike lekkasjar må du betale for. Gjer det difor til ein vane å kontrollere at det ikkje lekkjer heime hos deg. Steng alle kraner og kontroller at ingenting rører seg på vassmålaren. Er det rørsle på vassmålaren din når alle kraner er stengt: Ring ein rørlegger !

Publisert av Anne Grete Bakkene. Ansvarleg Bjørn Bjørke. Sist endra 17.11.2016
Fann du det du leita etter?

Nord-Fron kommune Nedregate 50 2640 Vinstra | post@nord-fron.kommune.no | Tlf 61 21 61 00 | Faks 61 21 61 01

Åpningstider: Alle kvardagar kl.08:00 - 15:30. Organisasjonsnummer: 83 98 93 132

Webredaktør: Anita W Heggestuen |Følg oss på Twitter | Følg oss på Facebook

Nord-Fron kommune | Midt i Peer Gynts rike

Login for redigering