Du er her:

Kommunale vegar

Nord-Fron kommune har om lag 120 km kommunale vegar, medrekna gang- og sykkelvegar. Av desse vegane har 50 km fast dekke.

I tillegg er det i kommunen ca. 60 km riksvegar og 55 km fylkesvegar.

Vedlikehald

Kommunen har ansvaret for vedlikehald av alle kommunale vegar.

Vintervedlikehaldet (brøyting) på dei fleste kommunale vegane er sett bort til private entreprenørar. Avtalene med entreprenørane gjeld for fem år og inneber at brøyting skal skje når det har kome minst fem cm snø.

Sommarvedlikehaldet blir delvis utført av kommunen, i tillegg til at private entreprenørar blir leigd inn for bestemte oppdrag.

Vedlikehald i statleg regi

Statens vegvesen har ansvaret for vedlikehald av alle riks- og fylkesvegar.

Kontaktpersonar:

Kommunale vegar
Kommunale vegar
Stilling Namn Telefon E-post
Avd.ingeniør Erik Kvernes 915 88 470 Erik Kvernes
Fann du det du leita etter?

Nord-Fron kommune Nedregate 50 2640 Vinstra | post@nord-fron.kommune.no | Tlf 61 21 61 00 | Faks 61 21 61 01
 

Åpningstider: Kommunehuset - alle kvardagar kl.08:00-15:30 | Sentralbord/servicetorg - alle kvardagar kl.09:00-14:30 
                                           

Organisasjonsnummer: 83 98 93 132

Webredaktør: Anita W Heggestuen |Følg oss på Twitter | Følg oss på Facebook

Nord-Fron kommune | Midt i Peer Gynts rike