Startlån

Startlån kan vere ein mogeleg inngang til bustadmarknaden for husstandar som ikkje får vanleg bustadlån eller som har vanskar med å bli buande i bustaden sin. Har du låg inntekt kan startlånet kombinerast med tilskot eller bustønad 

Startlån kan gje deg moglegheit til å få ein nøktern og rimeleg bustad.

Vi legg vekt på at:

  • du har langvarige problem med å finansiere eigen bustad
  • du har nytta moglegheita til sparing ut i frå din økonomiske situasjon

I tråd med vedtak i kommunestyresak 118/20 skal startlån prioriterast til fastbuande i Nord-Fron kommune eller til innflyttarar med fast arbeid i Nord-Fron kommune.
Andre med beteningsevne og tilknyting til kommunen kan også gis lån.

Startlån er behovsprøvd.

Sjekk om du er i målgruppa for startlån.

Kva kan du få startlån til?

Les meir på Husbanken si heimeside

Kor mykje kan du låne?

Les meir på Husbanken si heimeside

Slik søker du

Søknadsskjema

Kva skjer vidare?

I Nord-Fron kommune er det administrasjonssjef som tek avgjerd i alle saker som gjeld startlån.

Normal behandlingstid er ca. 4 veker, men kan vere lenger i samband med høgtider og feriar.

Søknadar vert ikkje rekna som levert, og vil ikkje bli behandla, før all naudsynt dokumentasjon er mottatt.

Klage

Du har rett til å klage om du meiner noko i vedtaket er feil. Klagefristen er 3 veker frå melding om vedtak er sendt. Klagen skal vere skriftleg og grunngjeven. Den skal sendast til Nord-Fron kommune, Nedregt. 50, 2640 Vinstra.

 

 

Kontakt

Ane Steig
Boligutvikler
E-post