Nord-Fron kommune

Detaljreguleringsplan for Givra del 1 - høyring og offentleg ettersyn

Detaljreguleringsplan for Givra del 1 - høyring og offentleg ettersyn

Klikk for stort bilete Utval for miljø, landbruk og areal i Nord-Fron har i møte den 3.12.2019, MLA-sak 34/19 vedteke å leggje forslag til detaljreguleringsplan for Givra del 1 ut til høyring og offentleg ettersyn, jf. plan- og bygningslova §12-10.

Frist for merknad er 3.02.2020.

Du finn planforslaget på Planinnsyn.

Det aktuelle området strekkjer seg frå ny E6 og ned til krysset ved Vinstrahallen, Peer Gynt senter og Vinstra vdg, skule.

Formålet med planforslaget er å leggje til rette for flaumsikringstiltak i nedre del av Givra, som renn gjennom bustadområdet Kongslimoen.

Det er gjort berekningar og laga flomkart for 200 års flom med 40 % klimapåslag som grunnlag for foreslåtte tiltak og forslag til reguleringsplan.  I framlagt planforslag ligg elveløpet i hovudsak slik som i dag, men det er behov for å utvide elveløpet og gjere tiltak ved falskehalser som t.d kryssingar, for å få plass til vatnet ved flomsituasjonar. Nokre bustadeigedomar vil bli berørt ved at elva blir flytta noko inn på privat eigedom.

Det er vist fleire bestemmelsesområde i planklartet. Dette gjeld i hovudsak midlertidig anleggs- og riggområde inntil elveløpet (#1 i plankartet), som strekkjer seg langs delar av vestsida av Givra. I tillegg er det vist midlertidig anleggs- og riggområde med moglegheit for deponering av masser på areala som grenser inntil tiltaksområdet (#3 og #4). I føresegnene er det forslått frist for å attendeføre berørte område, til jord- og skogbruksformål.

Det er også gjort funn av kulturminne (kolgrop) vist som #2 i plankartet. I planføresegnene blir det lagt opp til å søkje om dispensasjon frå kulturminnelova, for å frigjere denne

Byggjegrense er vist langs Givra, dette for å sikre tilkomst for maskinar ved behov for framtidig vedlikehald av bekkeløpet. Tilkomst til bustadeigedomar er vist i plankartet.

Planforslaget legg ikkje opp til nye byggjeområde. Planføresegnene som gjeld for bustader, tek utgangspunkt i gjeldande reguleringsplan for Midtmoen, med nokre små justeringar.

Følgjande plandokument er lagt ut nedanfor:

Kontakt

Hanne Kristine Risdal
E-post
Telefon 61 21 61 72