Nord-Fron kommune

Koronavirus i Nord-Fron

Detaljreguleringsplan for Givra - del 3 - høyring/offentleg ettersyn

Detaljreguleringsplan for Givra - del 3 - høyring/offentleg ettersyn

Utval for miljø, landbruk og areal har i møte den 23.04.2020, vedteke å leggje forslag til detaljreguleringsplan for Givra -  del 3 ut til offentleg ettersyn, jf. plan- og bygningslova §12-10.

Formålet med planarbeidet er å leggje til rette for flaumsikringstiltak i nedre del av Givra, Vinstra vest. 

Det er Nord-Fron kommune som er forsalgsstillar.

Detaljar omkring flaumsikringstiltak og forslag til arealformål og føresegner går fram av plandokumenta nedanfor.

Planområdet strekker seg nordover frå Vinstragata mot krysset mellom Sundheimsvegen/Kyrkjevegen i nord. I aust er planen avgrensa uti Lågen, medan det i vest er omfatta av nokre eksisterande bustader vest for Sundheimsvegen.

Delar av dei områda som er omfatta av planforslaget i følgjande reguleringsplanar, vil bli oppheva når den nye planen blir endeleg vedteke:

  • reguleringsplan for Vinstra vest - endring og omlegging Rv. 255 av 21.10.1974,
  • reguleringsplan for Lomoen Næringsområde, 24.6.2014,
  • detaljreguleringsplan for ny tilkomst til Sundheim, 20.6.2017.

 

Følgjande plandokument er lagt ut:

Eventuelle merknader til planforslaget merkast med arkivsakID 20/649 og planident 343620200002, og sendast skriftleg til  kommunen på e-post post@nord-fron.kommune.no  eller til Nord-Fron kommune, Nedregata 50, 2640 Vinstra.

Frist for merknad er 11.06.2020.

Kontakt

Hanne Kristine Risdal
Telefon 61 21 61 72