Nord-Fron kommune

Detaljreguleringsplan for Holslågrenda - varsel om planstart og høyring av planprogram

Detaljreguleringsplan for Holslågrenda - varsel om planstart og høyring av planprogram

Det blir varsla om oppstart av arbeid med detaljreguleringsplan for Holslågrenda i Skåbu, jf. plan- og bygningslova §12-8. Samtidig blir forslag til planprogram for konsekvensutgreiing lagt ut til offentleg ettersyn, jf. plan- og bygningslova §12-9.

Frist for merknader er 30.10.2020.

Det er Areal + AS som varslar om planstart og utarbeider planforslaget, på vegner av Skåbu Eiendomsselskap AS.

Formålet med planarbeidet er å: 

• Regulere området til framtidig fritidsbebyggelse.
• Regulere parkeringsareal og vegareal.
• Sikre etablert skiløype og sambindingar til løype og grønstruktur/friluftsområde.
• Justere og arrondere byggjeområdet og LNFR avsett i gjeldande arealdel av kommuneplan. 
 
Endringane utløyser konsekvensutgreiing av følgjande tema:
• Landskap 3D visualisering
• Flomfare og overvasshandtering
• Kulturminneregistrering

Planavgrensing og informasjon om planarbeidet går fram av dokumenta nedanfor:

Eventuelle innspel til planarbeidet sendast til Areal + AS v/ Anders Kampenhøy på e-post: anders.kampenhoy@arealpluss.no, ev. per post: Areal+, Storgata 64 A, 2609 Lillehammer.

Kopi sendast Nord Fron kommune: post@nord-fron.kommune.no  ev. per post: Nord Fron kommune, Nedregata 50, 2640 Vinstra.

Frist for innspel ved planstart er 30.10.2020.

Kontakt

Anders Nybakken
E-post
Telefon 61 21 61 84