Nord-Fron kommune

Koronavirus i Nord-Fron

Detaljreguleringsplan for Kakubakken boligområde -høyring og offentleg ettersyn

Detaljreguleringsplan for Kakubakken boligområde -høyring og offentleg ettersyn

Utval for miljø, landbruk og areal har i møte den 23.04.2020, sak 58/20,  vedteke å leggje forslag til detaljreguleringsplan for Kakubakken boligområde ut til offentleg ettersyn, jf. plan- og bygningslova §12-10 i perioden 30.04.-11.06.2020.

Forslagsstillar er Norgeshus RAM Bygg as.

Planområdet ligg sør for Sødorp Gjestegivergård, Vinstra aust.

Formålet med planarbeidet er å leggje til rette for bustadbygging i form av kjeda einebustader/fleirmannsbustader, leilegheiter og rekkjehus. I planforslaget er det avsett areal for leikeplass, renovasjon og parkering.

Arealformålet er i tråd med gjeldande kommuneplanens arealdel, nemnd her som BB01.

Følgjande plandokument er lagt ut:

Evt. merknader  til planforslaget merkast med arkivsakID 19/1239 og detaljreguleringsplan for Kakubakken bustadområde, og sendast skriftleg til post@nord-fron.kommune.no, eller Nord-Fron kommune, Nedregate 50, 2640 Vinstra.

Frist for merknad er 11.06.2020.