Nord-Fron kommune

Detaljreguleringsplan for Midtstulen hytteområde - høyring og offentleg ettersyn

Detaljreguleringsplan for Midtstulen hytteområde - høyring og offentleg ettersyn

Utval for miljø, landbruk og areal har i møte den 4.06.2020, sak 71/20, vedteke å leggje forslag til detaljreguleringsplan for Midtstulen hytteområde ut til offentleg ettersyn, jf. plan- og bygningslova §12-10.

Frist for merknader er 28.08.2020.

Det er Sødorp sameige som er forslagsstillar. Planområdet ligg inntil Per Gynt seterveg på Sødorpfjellet, ca. 11 km frå Vinstra. Området er avsett til formål for fritidsbustader i kommuneplanens arealdel 2018-2029, og er her nemnd som BF24.  Planforslaget legg til rette for høgstandar fritidsbustader. Sjølve utbyggigsområdet er planlagt på austsida av setervegen, medan areal for avlaupshandtering er i plankartet vist vest for vegen. Planforslaget legg også til rette for skiløyper, tilkomstvegar og grønkorridorar.

Innhald i planforslaget går fram av dokumenta nedanfor:

Eventuelle merknader til planforslaget merkast med detaljreguleringsplan for Midtstulen hytteområde og arkivsakid 19/1422, og sendast til post@nord-fron.kommune.no, eller  Nord-Fron kommune, Nedregate 50, 2640 Vinstra.

Frist for merknader er 28.08.2020.

Kontakt

Hanne Kristine Risdal
Telefon 61 21 61 72