Nord-Fron kommune

Detaljreguleringsplan for Rondablikk R1 - offentleg ettersyn

Detaljreguleringsplan for Rondablikk R1 - offentleg ettersyn

Utval for miljø, landbruk og areal har i møte 24.03.2022, sak 023/22 vedteke å leggje detaljreguleringsplan for Rondablikk R1 ut til offentleg ettersyn, jf. plan- og bygningslova §12-10. Frist for merknader er 27.05.2022.

Det er Rondablikk AS som er forslagsstillar. Planforslaget legg til rette for utvikling i områda rundt Rondablikk ved utbygging av utleigehytter- og leilegheitsbygg. I tillegg skal det byggjast opp att leilegheit etter brann. Arealformål er i tråd med kommuneplanens arealdel og reguleringsplan for Kvamsfjellet nærings- og hytteområde.

Planforslaget går fram av dokumenta som er lagt ut nedanfor.  I planen er området delt inn i 11 delområde. I området nedanfor hotellet kan det byggjast konsentrert frittliggande utleigeeiningar med maksimal storleik på bygg 90 m2. I BFT1 og 2 ovanfor hotelletkan det førast opp leilegheitsbygg for utleige. I BFT3, 4 og 5 kan det byggjast frittliggjande utleigehytter med maks BRA 140 m2 BYA.

Planforslaget med tilhøyrande dokumentasjon er nå lagt ut til offentleg ettersyn i perioden 6.04.-27.05.2022.

Eventuelle innspel til planforslaget kan sendast til post@nord-fron.kommune.no eller Nedregate 50, 2640 Vinstra.


 

Kontakt

Anders Nybakken
Overingeniør
E-post
Telefon 61 21 61 84

Tilbakemelding