Nord-Fron kommune

Detaljreguleringsplan for Sjoa skytebanar - offentleg ettersyn

Detaljreguleringsplan for Sjoa skytebanar - offentleg ettersyn

Nord-Fron kommunevåpen og tekst Plan på høyring - Klikk for stort bileteIllustrasjonsbilde Plan på høyring

Utval for miljø, landbruk og areal har i møte den 9.12.2022, MLA-sak 111/22 vedteke å leggje forslag til detaljreguleringsplan for Sjoa skytebaner ut til offentleg ettersyn i perioden 13.12.2022 - 7.02.2023.

Det er Nord-Fron kommune som er forslagsstillar, på vegner av Kvam jeger- og fiskeforening og Sjoa skyttarlag.

Planforslaget viser eksisterande skytebane og legg til rette for bygging av ny skytebanebane med slik plassering som går fram av kommuneplanens arealdel 2018-2029. Plankartet viser område for skytebanar, inkludert areal for parkering og klubbhus/servicebygning. Det visast faresoner for skred, flaum/overvatn og høgspent, samt omsynssone for Pilgrimsleia. Vidare er det avsett sikringssoner i plankartet. 

Skytetider går fram av forslag til planføresegner. Det er gjort tematiske utgreiingar for flaum/overvatn, støy og forureining.

Alle plandokumenta er lagt ut på arealplaner.no, under planbehandlingar ->offentleg ettersyn. 

Eventuelle merknader til planforslaget merkast med detaljregulering for Sjoa skytebaner og arkivsakid 22/3063 og sendast til post@nord-fron.kommune.no eller Nord-Fron kommune, Nedregata 50, 2640 Vinstra.

Frist for merknad er 7.02.2023.

Kontakt

Kristin Wiig Larsen
Saksbehandler
E-post
Telefon +47 61 21 61 49

Tilbakemelding