Nord-Fron kommune

Detaljreguleringsplan for Sjoa skytebanar - varsel om planstart

Detaljreguleringsplan for Sjoa skytebanar - varsel om planstart

I medhald av plan- og bygningslova §12-8 er det sett i gang arbeid med detaljreguleringsplan for Sjoa skytebanar. (planid: 343620220004). Frist for innspel ved planstart er 29.09.2022.

Formålet med planarbeidet er å regulere ny skytebane til leirdueskyting i tråd med kommuneplanen, samt sikre den nåverande bruken av området, herunder støy- og sikkerhetskrav. 

Planområdet ligg langs Dalumsvegen, omlag 7 km nordvest for Kvam sentrum. Innanfor planområdet ligg  eksisterande skytebane, dyrka mark og område brukt som massedeponi i samband med bygging av ny E6.  Areala elles består i stor grad av skog.

I  arealdelen av kommuneplan 2018-2029 er planområdet avsatt til andre typer bebyggelse og anlegg (nåverande skytebane),  framtidig areal til andre typer bebyggelse og anlegg (BA07, framtidig skytebane) og landbruks-, natur- og friluftsformål (LNF). Innanfor planområdet er det aktsemdsområde for ras- og skredfare som vil bli teke omsyn til i planarbeidet.  

Kart med planavgrensing (PDF, 940 kB)

Eventuelle kommentarar til planarbeidet sendast til Nord-Fron kommune, Nedregate 50, 2640 Vinstra eller post@nord-fron.kommune.no  innan den 29.09.2022.  

Kontakt

Kristin Wiig Larsen
Byggesaksbehandler
E-post
Telefon 61 21 61 49

Tilbakemelding