Nord-Fron kommune

Detaljreguleringsplan for Vinstra park - høyring og offentleg ettersyn

Detaljreguleringsplan for Vinstra park - høyring og offentleg ettersyn

Utval for miljø, landbruk og areal har i møte den 22.06.2020, sak 103/20, vedteke å leggje detaljreguleringsplan for Vinstra park ut til offentleg ettersyn, jf. plan- og bygningslova §12-10.

Utvalet vedtok samtidig at namneforslaget Vinstraparken, som namn på det nye utviklingsområdet, skal leggjast ut til offentleg ettersyn. 

Frist for merknader er 28.08.2020,

Formålet med planforslaget er å leggje til rette for sentrumstiltak og utvikling av områda som omfattar Vinstrahallen med uteareal,  samt områda sør for Vinstragata. Planen følgjer opp formål og føringar i prosjekt Vinstra 2046 og kommuneplanens arealdel 2018-2029. Planforslaget legg  til rette for flomsikringstiltak i Givra og ny busstopp langs Vinstragata, i tillegg til parktiltak, gang-/sykkelvegar, tiltak i Vinstragata, nye avkjøringar/tilkomstvegar, samt bustad- og forretningsformål.

Det er utarbeida illustrasjonsplan, som byggjer på vinnarskisse av arkitektkonkurranse frå våren 2019, der forslag til tiltak og føringar også er tatt opp i planforslaget.

Planen er lagt ut i 2 alternativ for området som omfattar dei gamle TIP-bygga/areala på «brinken»:

  • Alternativ 1: Viser området utan bustadformål på det aktuelle området.
  • Alternativ 2: Viser området med bustadformål  på det aktuelle området.

Dei to alternativa har begge fordelar og ulemper knytt til seg, som det er ønskjeleg å få synspunkt på ved offentleg ettersyn. Drøfting av dei to alternativa går fram av planforklaringa.

Planforslaget slik det går fram av dokumenta nedanfor, er med dette lagt ut til offentleg ettersyn:

Delar av følgjande reguleringsplanar vil bli oppheva når den nye planen er endeleg vedteke:

- Områdeplan for Lomoen næringsområde, 24.06.2014.
- Detaljreguleringsplan for BF4 og BF5, 26.04.2016.
- Reguleringsplan for Lomoen næringsområde, 22.02.2011.
- Reguleringsplan for Vinstra vest – endring/omlegging Rv. 255, 21.10.1974.

Eventuelle merknader til planforslaget merkast med plannavn og planident 051620180001, og sendast til  kommunen på e-post post@nord-fron.kommune.no eller til Nord-Fron kommune, Nedregata 50, 2640 Vinstra.

Frist for merknader er 28.08.2020.

Kontakt

Hanne Kristine Risdal
Telefon 61 21 61 72