Nord-Fron kommune

Detaljreguleringsplan for Vinstra park - nytt offentleg ettersyn for delar av planen

Detaljreguleringsplan for Vinstra park - nytt offentleg ettersyn for delar av planen

Utval for miljø, landbruk og arealsaker vedtok i møte den 29.10.2020, MLA-sak 143/20, å leggje delar av detaljreguleringsplan for Vinstra park ut til nytt offentleg ettersyn, jf. plan- og bygningslova §12-10. 

Dette gjeld dei tema som det var fremja motsegn til ved offentleg ettersyn, dvs reglar for støy, samt utnyttingsgrad for områda sør for Vinstragata, nemnd som BKB1-3 i plankart og føresegner. Utvalet vedtok å imøtekome motsegnene ved å foreslå endringar i føresegnene. Endringane, saman med grunngjeving og forklaring, går fram av møtebok frå MLA-sak 143/20, 29.10.2020 (PDF, 749 kB).

Ajourførte endringar er også lagt inn i føresegnene (PDF, 750 kB) med raud skrift.

Eventuelle merknader til desse skal vere skriftlege og kan sendast til post@nord-fron.kommune.no eller Nord-Fron kommune, Nedregate 50, 2640 Vinstra. Det er berre merknader som gjeld nye føresegner om støy og utnyttingsgrad for BKB1-3 som nå vil bli vurdert.

Frist for merknader er 14.01.2021.

Kommunestyret har i møte den 3.11.2020, sak 94/20 godkjent resten av detaljreguleringsplan for Vinstra park. Det går fram av kommunestyrevedtaket at dei tema som det var fremja motsegn til ved 1. offentleg ettersyn, jf. ovannemnde, ikkje har rettsverknad, men vil bli behandla vidare gjennom nytt offentleg ettersyn

Lenke til alle plandokumenta

Kontakt

Hanne Kristine Risdal
E-post
Telefon 61 21 61 72