Nord-Fron kommune

Koronavirus i Nord-Fron

Endring av føresegner i regulerte hytteområde - høyring og offentleg ettersyn

Endring av føresegner i regulerte hytteområde - høyring og offentleg ettersyn

Utval for miljø, landbruk og areal har i møte den 23.04.2020, sak 48/20, vedteke å leggje forslag til endring av føresegner i tråd med kommuneplanens føresegner for reguleringsplaner som involverer fritidsbebyggelse, ut til offentleg ettersyn, jf. plan- og bygningslova §12-10.

Frist for merknader er 11.06.2020.

Endringane blir gjort med bakgrunn i kommuneplanens arealdel, som vart vedteke 19.6.2018, da denne overstyrer gjeldande reguleringsplanar på fleire punkt. Med dei foreslåtte endringane blir gjeldande reguleringsplanar for hytteområde justert, slik at det stort sett blir samsvar mellom vedteke arealdel av kommuneplan og den enkelte reguleringsplan.

I tillegg har utval for miljø, landbruk og areal vedteke å leggje føresegner om bruk av taktekking og fornybar energi ut til offentleg ettersyn, der det blir foreslått å åpne opp for bruk av slik taktekking.

Forslag til endring av storleik på inngjerda areal og føresegner om flaggstong og portstolpar er tatt ut, og vil ikkje bli endra.

Dette er som en vidare behandling etter varslet oppstart i brev datert 03.04.2019.

Dei foreslåtte endringane går fram av møtebok frå MLA-sak 48/20, 23.04.2020. (PDF, 718 kB)

 

I tillegg er følgjande dokument lagt ut:

Evt. merknader til planforslaget må vere skriftlege og skal sendast til post@nord-fron.kommune.no eller Nord-Fron kommune, Nedregata 50, 2640 Vinstra. Merknader skal merkast med arkivsak 19/39.

Frist for merknad er 11.06.2011.