Nord-Fron kommune

Koronavirus i Nord-Fron

Forslag til detaljreguleringsplan for Rondablikkdokka - høyring og offentleg ettersyn

Forslag til detaljreguleringsplan for Rondablikkdokka - høyring og offentleg ettersyn

Utval for miljø, landbruk og areal i Nord-Fron har i møte den 23.04.2020, MLA-sak 47/20, vedteke å leggje forslag til detaljreguleringsplan for Rondablikkdokka ut til høyring og offentleg ettersyn, jf. plan- og bygningslova §12-10. Høyringsperiode er 30.04.-11.06.2020.

Formålet med planen er å legge til rette for ein arealbruk som er i tråd med kommuneplanens arealdel, vedteke 19.06.2018.

Dei mest vesentlege endringane frå gjeldande reguleringsplan er å regulere inn areal for:

  • stadion/idrettsanlegg til bruk ved større arrangement på Kvamsfjellet,
  • areal for ny Røde Kors-hytte,
  • endre tidligere regulert næringsområde for utlegehytter/leiligheiter. Foreslått ny bruk av dette arealet er dels parkering (tilknyttet ny stadion) og dels areal for fritidsbustader,
  • regulere inn eksisterande infrastruktur knytta til sti- og løypenett og sikre areal for ållmenta.

Planforslaget går fram av dokumenta nedanfor:

Evt. merknader til planforslaget merkast med arkivsakID 18/1612 og plannamn og sendast til

post@nord-fron.kommune.no eller Nord-Fron kommune, Nedregate 50, 2640 Vinstra.