Nord-Fron kommune

Varsel om planstart - detaljreguleringsplan for Servicevegen næringsområde i Lomoen

Varsel om planstart - detaljreguleringsplan for Servicevegen næringsområde i Lomoen

I medhald av plan- og bygningslova  § 12-8 vert det varsla oppstart av reguleringsplanarbeid for Servicevegen næringsområde i Lomoen. Formålet med planarbeidet er å leggje til rette for næringstomter i Lomoen, samt å regulere eit område til landbruks-, natur- og friluftsformål.

 


 

Plankonsulent er Nordplan as avd. Gudbrandsdalen og tiltakshavarar er Axel Petter Kongsli og Amund Amundsøn Lo. Planen vil utarbeidast som ein detaljreguleringsplan, jf. pbl. § 12-3.  Gjeldande planar for området er kommuneplanens arealdel 2018-2029 og områdereguleringsplan for Lomoen næringsområde.

Planområdet ligg i eit etablert næringsområde, rett sørvest for Vinstra sentrum og E6. Innanfor området ligg det i dag eit eksisterande grus- og masseuttak (Lomoen uttaksområde), lagerområde for Åge Haverstad as samt lokalar for Akershus traktor. Lengst sør i planområdet ligg eit avskoga areal. Tilkomst til planområdet er frå fv. 2532 Rustvegen og inn på Servicevegen, som går gjennom planområdet. 

Meir informasjon om det aktuelle området og planarbeidet går fram av oppstartsvarslet (PDF, 856 kB)og referat frå oppstartsmøte (PDF, 123 kB).

Eventuelle merknader/innspel til planarbeidet sendast på e-post til idl@nordplan.no, eller per post til Nordplan AS avd. Gudbrandsdal, Vågåvegen 35, 2680 Vågå v/Iselin Ditlevsen Løkken. 
 
Frist for innspel er sett til 12.05.21.

Kontakt

Anders Nybakken
E-post
Telefon 61 21 61 84