Nord-Fron kommune

Brukarstyrt personleg assistanse; BPA

Brukarstyrt personleg assistanse; BPA

Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er ei alternativ organisering av praktisk og personleg assistanse til menneske som på grunn av nedsett funksjonsevne er heilt avhengig av praktisk eller personleg hjelp for å greie gjeremål i dagleglivet, både i og utenfor heimen.

Kva tilbyr vi?

  • BPA blir innvilga for praktisk bistand og eventuelt opplæring i hushaldningsoppgåver og personleg bistand, i og utanfor heimen.
  • Det skal vere reel brukerstyring, og brukaren sine ønskje og behov tilleggast vekt.
  • Tenestemottakar leier arbeidet og tek sjølv ansvar for kva oppgåver som skal utførast, kvar og når dei skal utførast, innafor tildelt timeramme. 
  • BPA kan kombinerast med andre tenester, t.d. sjukepleiefagleg bistand. Det avgjerande er kva som er den mest hensiktsmessige hjelpa.
  • Dersom brukar ikkje er i stand til å ivareta arbeidsleiarrolla, kan det likevel tildelast BPA, men då med ein annan nærståande person i rolla som arbeidsleiar.
  • Oppgåva med å vere assistert arbeidsleiar utløyser ikkje lønnskompensasjon.
  • Viss assisterande arbeidsleiar ikkje kan fungere i dagleg arbeidsleiing over ei periode, på grunn av ferie eller anna, kan det bli nødvendig at brukar får tildelt tenester på annan måte enn BPA, t.d. bistand frå heimebaserte tenester.
  • BPA omfattar og avlastningstiltak for personar med foreldreansvar for heimebuande barn under 18 år med nedsett funksjonsevne.

Kven kan få tilbodet?

  • All tildeling av tenester blir gjort på bakgrunn av ei kartlegging av funksjonsnivået (IPLOS), helsetilstand og etter individuell / tverrfagleg vurdering.
  • Søkjar har eit stort og langvarig behov for personleg assistanse.
  • Søkjar er under 67 år.
  • Det er en forutsetning at søkjar sin grad av funksjonssvikt og bistandsbehov er av ein slik art at det er meir hensiktsmessig å organisere tenesta som BPA enn meir tradisjonelle tenester.
  • Søkjar må ha eit tenestebehov på minst 32 timar per veke, unntaksvis kan tenesta organiserast som BPA om behovet er mellom 25-32 timar også – dersom slik organisering ikkje er vesentlig meir kostnadskrevjande for kommunen.

Her kan du lese

Retningsliner for brukerstyrt personleg assistanse  (PDF, 368 kB)

Tildelingskriterie spesielt for brukerstyrt personleg assistanse (PDF, 196 kB)

Korleis få tilbodet?

Søknadsskjema finn du her.

Kva kostar det?

Eigenbetaling, iht forskrift om eigenandel for kommunale helse- og omsorgstenester, skjer på grunnlag av netto inntekt av samla skattbar inntekt for husstanden ( ektefelle/sambuar, heimebuande barn) før særfrådrag. Inntektsgrensa blir justert etter grunnbeløpet i folketrygda og satsar for eigenbetaling blir vedtatt av kommunestyret kvart år.

Lovgrunnlag

Brukarstyrt personleg assistanse er heimla i hol. § 3-8, jfr. § 3-2 punkt 6, bokstav b.