Nord-Fron kommune

Ambulerande vaktmeister

Ambulerande vaktmeister

Tenesta skal arbeide for at flest mogleg brukarar skal få bu heime lengst mogeleg. Brukarar skal oppleve tryggheit og livskvalitet så lenge dei bur heime.

Kva tilbyr vi?

Tryggingsalarm; montering, reparasjon og opplæring.

Tekniske hjelpemiddel; utkjøring, justering og reparasjon av hjelpemiddel. Dette er gratis.

Praktisk hjelp: bære inn nødvendig ved og bistå med nødvendig oppvarming fram til fyring med strøm/varmepumpe er på plass, snømåking og strøing.

Formålet med tenesta er å leggje til rette så brukar blir mest mulig sjølvhjulpen og i stand til å ivareta eigne behov .

Kven kan få tilbodet?

Ambulerande vaktmeister blir tildelt etter ei individuell vurdering der en tar omsyn til:

  • Søkaren sin situasjon
  • Kva søkaren kan klare sjølv.
  • Husstandsmedlemmer.
  • Tilgang på anna hjelp
  • Når brukaren bur saman med andre blir det gjort ei heilhetleg vurdering av husstanden sin situasjon.

Hjelpebehovet vil fortløpande bli vurdert.

 

Korleis få tilbodet?

 

Alle søknadar skal svarast på innan 14 dagar. Svaret skal minimum vere i form av eit standard svarbrev der søkjar m.a. får vite når saka er forventa ferdigbehandla.

All tildeling av tenester vert gjort med bakgrunn i kartlegging av brukaren sine ressursar og behov etter individuell og tverrfagleg vurdering.

 

Kva kostar det?

 

Betalingssatsar for pleie og omsorgstenester 2021
Betalingssatsar for pleie og omsorgstenester 2021
Type teneste Pris Kommentar
Korttidsopphald på Sundheim 175 pr. døgn dei 60 første pr. kalenderår
Dag-/nattplass på Sundheim 95 pr. dag / natt
Ambulerande vaktmester 372 pr. time. Sjølvkost for hjelp frå ambulerande vaktmester som ikkje er lovpålagte oppgåver er kr. 372/ time. Hjelp til lovpålagte oppgåver som til dømes vedbæring skal det betalast etter prisliste som for heimehjelp/praktisk bistand.
Matombringing/middag på Sundheim type 1 62 pr. porsjon (råvarekostnad). For dei som ikkje kan handle/lage mat sjølv
Matombringing/middag på Sundheim type 2 105 pr. porsjon (sjølvkost). For dei som kan handle/lage mat sjølv.
Tøyvask 17 pr. kilo (sjølvkost)
Tryggingsalarm type 1 249 pr. mnd. For andre som ikkje er avhengig av alarm for å kunne bu heime
Tryggingsalarm type 2 Gratis For dei som er avhengig av det for å kunne bu heime
Nøkkelsafe Gratis

Kontakt

Sundheim Bo- og Treningssenter
E-post
Telefon 61 21 64 00
Vidar Varpestuen
Ambulerende vaktmester
E-post
Telefon 61 21 64 28
Mobil 908 24 509

Opningstider

Alle dagar: kl. 08:00 - 15.30

Adresse

Sundheimvegen 30, 2640 Vinstra

Kart