Er du pårørande?Pårørande utfører viktige omsorgsoppgåver og er ein verdifull ressurs i omsorgsfelleskapet. I denne artikkelen finn du linkar og aktuell informasjon slik at du som pårørande lettare skal finne kunnskap, stader kor du kan dele erfaringar, motta hjelp og støtte eller berre ha nokon å prate med. RETTAR OG TILBUD TIL PÅRØRANDE Nord-Fron kommune har følgjande tilbud til pårørande etter søknad: Omsorgsstønad Viss du som pårørande har særleg tyngande omsorgsarbeid og utfører oppgåver som elles måtte blitt utført av kommunen, kan få omsorgsstønad. Meir informasjon om og korleis søkje om omsorgsstønad. Avlastning Ved langvarige og tunge omsorgsoppgåver kan du søkje om avlastning hos Nord-Fron kommune. Innvilga avlastning og form for avlastning blir vurdert i kvar enkelt sak. Her finn du meir informasjon om og korleis søkje avlastning. RÅD TIL PÅRØRANDE På nettsida til Pårørandesenteret finn du generelle råd til pårørande. BARN SOM PÅRØRANDE Har du barn som er pårørande, eller jobbar du med barn som pårørande? Då kan desse sidene vere svært nyttige: barnsbeste.no snakketøyet.no NYTTIG INFORMASJON - LOKALT NAV NAV kan yte noko økonomisk bistand ved sjukdom i familien. Det er også mogeleg å søkje om tekniske hjelpemiddel. Grunn- og hjelpestønad Sjukdom i familien Hjelpemidlar Frivilligsentralen Nord-Fron Frivilligsentral er ein møteplass for personar som har behov for hjelp eller ønskjer å gje hjelp. Frivillgsentralen har mange tilbod. Her kan du finne informasjon om Nord-Fron Frivilligsentral. RESSURSSIDER Helsenorge - nyttig info PårørendeSenteret Pårørendesenteret i Oslo Helsedirektoratet - brosjyre om når ein av våre næraste døyr Nasjonalforeningen for folkehelsen - demens Kreftforeningen Pasient- og brukerombud Er du berørt av ein annan sitt rusproblem? Publisert09.10.2019 15.28 Sist endra10.02.2020 15.48