Nord-Fron kommune

Heimehjelp

Heimehjelp

Praktisk bistand/opplæring skal bidra til at brukaren blir mest mogeleg sjølvhjulpen/ sjølvstendig i dagleglivet og/eller få hjelp til daglege gjeremål for å kunne bu i eigen bolig så lenge som mogeleg. 

Kva tilbyr vi?

Tenesta omfattar hjelp til praktiske gjeremål i dagleglivet; eigenomsorg og personleg stell som til dømes:

Hjelp til nødvendig reinhald:

  • Allminneleg reingjering av rom som er i dagleg bruk; støvtørk av reine flater, golvvask, støvsuging og vask av bad/WC
  • Bistand til enkel oppvask/ igangsetting av oppvaskmaskin
  • Bistand til innvendig vask av kjøleskåp og mikrobølgeovn ved behov
  • Bistand til vask av klede
  • Sengetøyskift
  • Vindusvask inntil x 2 pr. år på vidauge som nås frå golvet ( utan trapp/stige)
     

Hjelp til personleg stell:

  •  Påkledning, dusj m.m. i samarbeid med heimesjukepleia.

Nødvendige ærend:

  • Vedbæring; frå uthus og inn i huset i mindre mengder, dvs. 2 stk vedvesker, og ingen andre kan utføre dette. 
  • Fjerne snø frå trapp/inngangsparti

Ernæring:

  • Hjelp til å skrive handleliste eller til bestilling av varer
  • Bistand til å handle inn nødvendige husholdningsvarer ved bruk av konto på butikk når det ikkje er pårørande i nærleiken som kan utføre dette
  • Matombringing
  • Bistand til oppvarming av ferdiglagd middagsmat i samarbeid med heimesjukepleia

Anna:

  • Påminning og motivering i personleg levesett, dagleg kosthald m.m.
  • Påminning og motivering til planlegging av daglege gjeremål  ved bruk av t.d. dagsplanar eller vekeplanar.
  • Påminning og motivering til å delta i sosiale aktivitetar/nettverksbygging
  • Motivering til å kome igang med arbeid, dagtilbud og fritidsaktivitetar.
  • Påminning og hjelp for oppfølging av tiltak frå hverdagsrehabiliteringsteamet.

Kven kan få tilbodet?

Du kan søke heimehjelp/ praktisk bistand dersom alder, funksjonshemming, sjukdom, stort omsorgsansvar eller akuttsituasjonar gjer at du har behov for hjelp i heimen. Hjelpebehovet vil fortløpande bli vurdert. 

Her kan du lese

Tildelingskriterie for personlig assistanse - praktisk bistand, opplæring og støttekontakt. (PDF, 290 kB)

Korleis få tilbodet?

 

Du kan søke heimehjelp/praktisk bistand dersom alder, funksjonshemming, sjukdom, stort omsorgsansvar eller akuttsituasjonar gjer at du har behov for hjelp i heimen.

Pris/eigenbetaling

Det er eigenbetaling for heimehjelp /praktisk bistand. Prisen blir utrekna etter husstanden si samla nettoinntekt

Betalingssatsar heimetenester / praktisk bistand 2021
Netto inntekt Eigenbetaling pr. mnd 2021 i kr. Kommentar
Under 2G (f.t. kr. 0 - 202.702) 210 Denne sats blir regulert etter gjeldande satsar gitt i forskrift frå Helse-og omsorgsdept.
2G - 3G ( f.t. kr. 202.703 - 304.054) 744
3G - 4G (f.t. kr. 304.055 - 405.406) 1.116
4G - 5G (f.t. 405.407 - 506.758) 1.674
5G - og høgare (f.t. 506.759 og over) 2.418

 

Betalingssatsar for pleie og omsorgstenester 2021
Type teneste Pris Kommentar
Korttidsopphald på Sundheim 175 pr. døgn dei 60 første pr. kalenderår
Dag-/nattplass på Sundheim 95 pr. dag / natt
Ambulerande vaktmester 372 pr. time. Sjølvkost for hjelp frå ambulerande vaktmester som ikkje er lovpålagte oppgåver er kr. 372/ time. Hjelp til lovpålagte oppgåver som til dømes vedbæring skal det betalast etter prisliste som for heimehjelp/praktisk bistand.
Matombringing/middag på Sundheim type 1 62 pr. porsjon (råvarekostnad). For dei som ikkje kan handle/lage mat sjølv
Matombringing/middag på Sundheim type 2 105 pr. porsjon (sjølvkost). For dei som kan handle/lage mat sjølv.
Tøyvask 17 pr. kilo (sjølvkost)
Tryggingsalarm type 1 249 pr. mnd. For andre som ikkje er avhengig av alarm for å kunne bu heime
Tryggingsalarm type 2 Gratis For dei som er avhengig av det for å kunne bu heime
Nøkkelsafe Gratis

 

Lovgrunnlag

Heimehjelp (praktisk bistand) er heimla i lov om helse- og omsorgstenester §3-2, punkt 6, bokstav b.

Kontakt

Sundheim Bo- og Treningssenter
E-post
Telefon 61 21 64 00
Ragnhild Sandbu
Avdelingsleiar
E-post
Telefon 61 21 64 23
Mobil 915 39 214

Opningstider

Alle dagar: kl. 08:00 - 15.30

Adresse

Sundheimvegen 30, 2640 Vinstra

Kart