Nord-Fron kommune

Omsorgsbolig

Omsorgsbolig

Vi tilbyr både omsorgsboligar og heildøgns omsorgsboligar (HDO).

Omsorgsbolig

Ein omsorgsbolig er tilrettelagt for personar som har behov for å kunne motta heildøgns pleie- og omsorg, men som nødvendigvis ikkje har behov for bemanning i umiddelbar nærleik til boligen og kan beskrivast som ein mellomting mellom eigen heim og HDO-bolig.

Heildøgs omsorgsbolig (HDO)

Dette er ein tilrettelagt bolig for personar som har behov for heildøgns bemanning i umiddelbar nærleik til boligen og kan beskrivast som ein mellomting mellom omsorgsbolig og sjukeheim.

Kva tilbyr vi?

Det er omsorgsbustader ved Sundheim, øvre Vinstra, nedre Sødorp og i Kvam.

Her kan du lese

 

Kven kan få tilbodet?

Søkjar som har ein psykisk eller somatisk helsesvikt, behandla rusdiagnose, fysisk funksjonshemming og/eller demensdiagnose som gir behov for pleie og/eller tilsyn som ikkje kan ytast i eigen heim, men som heller ikkje krev plass i institusjon.

Generelle kriterier:

  • Bistandsbehovet er meir omfattande enn det som kan imøtekomast på forsvarleg måte i eigen bolig.
  • Søkjar treng hjelp til personleg stell, ernæring, psykososial støtte, hjelp til medikamenthåndtering og observasjon.
  • Eigen bolig aukar omsorgsbehovet og fører til overforbruk av personalressursar.
  • Eigen bolig gir vanskelege arbeidsforhold for hjelpepersonell.
  • Eigen bolig gir lite rom for/avgrensa moglegheit for mobilisering av brukaren.
  • Eigen bolig har liten moglegheit for tilrettelegging av tekniske hjelpemidlar/ innretningar.
  • Er avhengig av tryggheit for å fungere i kvardagen, noko som ein eigen bolig ikkje tilfredsstiller
  • Bur hos foreldre/pårørande, der desse har gitt omsorg som de ikkje lengre ønskjer/ikke er i stand til å vidareføre.
  • Søkjar har behov for tilrettelagt bolig i forhold til funksjonshemming slik at søkjar kan oppretthalde evne til sjølvhjelp og dermed ha mindre behov for hjelp.

HDO-bolig

Søkjar til HDO må ha ein dårlegare helsetilstand/større hjelpebehov for tenester enn søkjarar til omsorgsbolig.

Omsorgsbolig

Dagtilbud og alternativ bolig skal vere prøvd og/eller vurdert før tildeling

Søkjar må vere i stand til å administrere sitt daglegliv med eller utan bistand frå heimetenesta.

Her kan du lese 

 

 

Kva kostar det?

I løpande husleigeforhold foretas årleg regulering av husleiga tilsvarande endringar i konsumprisindeksen i tida etter siste regulering. Reguleringa skal for øvrig skje i hht. Husleigelova kapittel 4 og kontrakt. Husleiga blir alltid regulert ved ny kontraktsinngåing og Nord-Fron kommune tar utgangspunkt i «gjengs leie».

 

Korleis søkje tenesta?

Søknadsskjema finn du her.

Alle søknader skal det svarast på innan 14 dager. Svaret skal minimum vere i form av eit standard svarbrev der søkjar m.a. får vite når saka er forventet ferdigbehandla.

All tildeling av tenester blir gjort med bakgrunn i kartlegging av brukaren sine ressursar og behov etter individuell og tverrfagleg vurdering.

Kontakt

Tildelingskontoret i Nord-Fron

Telefontid

Tirsdag og torsdag, 10.00 - 14.00

Hovednummer

45377365

Send e-post her

Opningstider

Åpningstider for publikum (må avtales i forkant):
tirsdag og torsdag kl.10.00 - 14.00

 

Adresse

Sundheimvegen 30, 2640 Vinstra

Kart