Nord-Fron kommune

Omsorgsstønad

Omsorgsstønad

Kva tilbyr vi?

Omsorgsstønad (tidlegare kalla "omsorgsløn") er skattepliktig løn til personar som har eit særleg tyngjande omsorgsarbeid.

Omsorgsstønad tek ikkje sikte på å gi full løn for kvar time med omsorgsarbeid, men skal vere ein kompensasjon/godtgjering for særleg tyngande omsorgsarbeid. Kommunen avgjer kor høg omsorgsstønaden skal vera, og den skal ikkje erstatta anna inntekt.                                                                                    

Omsorgsstønad er heimla i lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. av 24.06.11 nr. 30 § 3-1 og § 3-6 (om kommunens ansvar overfor pårørende i form av omsorgsstønad).

Kven kan få tilbudet?

  • Omsorgsmottakaren må vera busett i Nord-Fron kommune når omsorga blir gjeve.
  • Omsorgsarbeidet må vera særleg tyngande.
  • Omsorgsarbeidet må gjelde nødvendige omsorgsoppgåver som elles ville vorte utført av kommunen.
  • Søkjaren sin omsorg må vera den beste løysinga for brukar.
  • Kommunen kan ta omsyn til eigne ressursar og tenester ved tildeling.
  • Brukaren må sjølv ha ønskje om at den som søkjer skal hjelpe til.
  • Det er ein føresetnad at det er søkt NAV om hjelpestønad da dette går til same føremål.

Nord-Fron kommunen vil vurdere saka, og om det er naudsynt, innhente vidare opplysningar

Her kan du lese

 

Korleis få tilbudet?

Den som får omsorgsstønad er oppdragstakar, og må gje beskjed til kommunen ved endringar og avbrot av oppdraget for kortare eller lengre tid. Omsorgsstønad er skattepliktig. Stønadssatsen følgjer minsteløn for ufaglært assistent. 

Vedtaket blir evaluert minst kvart halvår der det blir ei ny vurdering av tiltaket; er det endringar av hjelpebehov for brukar, og er det evt. andre hjelpetiltak som kan vera eit betre alternativ.

Opningstider

Måndag - fredag 08.00 - 15.30

Servicetorg / sentralbord Måndag - fredag 09.00 - 14.00

Adresse

Nord-Fron kommunehus

Nedregata 50

2640 Vinstra