Nord-Fron kommune

Støttekontakt og avlastningsordningar

Støttekontakt og avlastningsordningar

Kva tilbyr vi?

Det kan søkjast om støttekontakt ved behov for hjelp til å få eit sosialt liv og ei aktiv fritid eller komme seg ut av ei isolert tilvære på grunn av psykiske lidingar, rusproblem eller funksjonshemming.

Anna avlasting; brukarstyrt personleg assistent (BPA), privat avlastning eller besøksheim kan nyttast i dei tilfella der behovet for hjelp er særleg omfattande.Besøksheim nyttast særleg innanfor barnevernet, og privat avlastning nyttast  til familiar som av ulike grunnar har eit særleg tyngande omsorgsarbeid grunna sjukdom, funksjonshemming o.l.

 

Kven kan få tilbodet?

Støttekontakt: Barn, unge og vaksne med psykiske lidingar, rusproblem eller funksjonshemming, og til familiar med samansette behov.

Brukarar som har behov for personbistand for å kunne delta på kultur og fritidsaktivitetar, nettverksbygging, opplevingar, eigenaktivitet eller komme ut av ei isolert tilvære. Behov for å kunne delta i sosiale og fysiske aktivitetar for å få ei meiningsfull fritid blir vektlagt. Støttekontakt blir innvilga etter ei individuell og fagleg vurdering i samråd med søker / føresette

Brukarar som er busett på institusjon eller anna bufellesskap med heildøgns bemanning, eller har 1:1 bemanning blir ikkje tildelt støttekontakt. Det blir forventa at dei får sitt behov for aktivitet og sosialisering dekt ved tenester der dei bur.

Støttekontaktordninga skal ikkje nyttas til praktiske gjeremål.

Praktisk bistand - daglege gjeremål (Heimehjelp):  her kan du lese meir i artikkel om Heimehjelp.

 

Avlastning: BPA eller privat avlastning blir gjeve til brukarar som har eit særleg tyngande omsorgsbehov. Ordningane blir sett i samanheng med andre tenester, bl.a. omsorgsstønad og andre kommunale helse- og omsorgstenester.

Her kan du lese

 

Her kan du lese

 

 

Korleis få tilbodet?

Søknadsskjema finn du her.

Støttekontakt blir tildelt for ei avgrensa periode; som regel eit halv eller eit heilt år. Det må i utgangspunktet søkjast på nytt om evt. vidareføring. Tildelte timar skal berre unntaksvis overføras til neste månad, og da i samråd med saksbehandlar.

Avlastningsordningane skal i utgangspunktet evaluerast 2 gonger pr. år, og det skal vurderast om ordningane er det beste tilbodet for brukaren. Kommunen har også kommunal avlastningsordning.

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

Støttekontakt får timelønn frå kommunen og utgiftsdekning som skal dekke utgifter til kjøring innan kommunen. Ved lengre kjøring skal brukar sjølv dekke utgifter etter ordinære satsar for km-dekning, samt bomavgift.

Utgifter ved kafébesøk og andre sosiale aktivitetar skal dekkas av brukar, for både støttekontakt og vedkomande sjølv. Brukar kan søkje om ledsagerbevis.

 

Lovgrunnlag

Personleg assistanse, under dette praktisk bistand, opplæring og støttekontakt er heimla i lov om helse-og omsorgstenester  § 3-2, punkt 6, bokstav b.

Kontakt

Tildelingskontoret i Nord-Fron

Telefontid

Tirsdag og torsdag, 10.00 - 14.00

Hovednummer

45377365

Send e-post her

Opningstider

Åpningstider for publikum (må avtales i forkant):
tirsdag og torsdag kl.10.00 - 14.00

 

Adresse

Sundheimvegen 30, 2640 Vinstra