Tryggleiksalarm

Tryggleiksalarm kan du leige frå kommunen dersom du har behov for det.

Kva tilbyr vi?

Tryggleiksalarm som er kopla opp mot alarmsentral med personale til stades heile døgnet.

Når du utløyser alarmen går meldinga til Vaktsentralen på Otta (tlf. 90 97 16 79). Ver merksam på at all kommunikasjon/samtale med Vaktsentralen blir tatt opp og lagra i 5 mnd for deretter å bli sletta.

Om du ønskjer tryggleiksalarm må du sjølv skaffe 3 personar som er villig til å rykke ut til deg om du har utløyst alarmen. Det er eit krav at dei har nøkkel til bustaden din, så dei kjem inn om døra skulle være låst. Om du ikkje har andre til å rykke ut på tryggleiksalarm kan heimesjukepleie vere den som rykker ut på alarm. Dei må då ha nøkkel til din bolig.

Du er sjølv ansvarleg for å gje beskjed til Sundheim om du endrar telefonnummer, adresse eller at utrykkingspersonane på lista blir endra.

Har du tekniske problem med tryggheitsalarmen - kontakt ambulerande vaktmeister på tlf. 908 24 509.

Kven kan få tilbodet?

 

Dei som av ulike årsaker kan ha behov for å tilkalle hjelp frå heimetenesta / andre.

Må fylle eitt eller fleire av følgjande kriterium:

  • ha lett for å falle/har rørsleproblem
  • er særs utrygg eller sjuk av andre årsaker
  • bur åleine /har lite nettverk

Det er ei føresetnad at den som får innvilga alarm forstår bruken av denne. Alarmen skal kun nyttas i akuttsituasjonar.
Tenesta er ikkje lovpålagt.

Korleis få tilbodet?

Søknadsskjema finn du her.

 

Kva kostar det?

 

Betalingssatsar for pleie og omsorgstenester 2024

Betalingssatsar for pleie og omsorgstenester 2024
Type teneste Pris Kommentar
Korttidsopphald på Sundheim Statlig sats - prisjusteres nasjonalt i desember 193 pr. døgn dei 60 første pr. kalenderår
Dag-/natt-opphald på Sundheim Statlig sats - prisjusteres nasjonalt i desember 110 pr. dag / natt
Betaling for transport til dagaktivitetstilbud på Sundheim 64 Tur/retur
Ambulerande vaktmester 406 pr. time. Sjølvkost for hjelp frå ambulerande vaktmester som ikkje er lovpålagte oppgåver er kr. 406/ time. Hjelp til lovpålagte oppgåver som til dømes vedbæring skal det betalast etter prisliste som for heimehjelp/praktisk bistand.
Utkjøring/tilbakelevering av hjelpemidler frå lokalt lager 208 pr kjøretur
Matombringing til heimebuande 105 pr. porsjon. Ny sats frå 15.06.23 - gjeld til 31.12.24
Salg av middag på Sundheim 158 pr. porsjon. Ny sats frå 15.06.23 - gjeld til 31.12.24
Tøyvask 19 pr. kilo (sjølvkost)
Tryggingsalarm type 1 266 pr. mnd. For andre som ikkje er avhengig av alarm for å kunne bu heime
Installering av tryggingsalarm type 1 141 Eingangs sum
Tryggingsalarm type 2 Gratis For dei som er avhengig av det for å kunne bu heime
Installering av tryggingsalarm type 2 Gratis
Nøkkelboks Gratis

Opningstider

Alle dagar: kl. 08:00 - 15.30

Adresse

Sundheimvegen 30, 2640 Vinstra